Presentasjon av undersøking om trygge organisasjonar

Tysdag 25. januar kl. 18-19 inviterer Noregs Ungdomslag, FolkOrg og Norsk senter for folkemusikk og folkedans til ein digital presentasjon av undersøkinga om trygge organisasjonar.
Byrået Opinion, som gjennomførte undersøkinga, vil presentere resultata som kom fram etter at kring 1300 personar deltok med sine svar i haust. Det blir også mogleg å stille spørsmål.
Organisasjonane vil også informere om deira arbeid med retningsliner, varslingsrutiner mm.

Undersøkinga vart gjennomført i tidsrommet 28.09-07.11 2021. Målet med undersøkinga var å kartlegge opplevinga av organisasjonskulturen samt omfang av uønska og grenseoverskridande åtferd knytt til aktivitetar i regi av organisasjonane dei siste fem åra.

Meld deg på via dette skjema for å få tilsendt digital møtelenke til møtet som foregår i Teams: https://forms.office.com/r/7fLtYs7Hzs.

Sjå også Facebook-hending her.

Spørsmål?
FolkOrg: post@folkorg.no
Noregs Ungdomslag: post@ungdomslag.no
Norsk senter for folkemusikk og folkedans: postmottak@folkemusikkogfolkedans.no