På landsmøtet 22.-24. april 2022 skal vi vedta nytt langtidsprogram for Noregs Ungdomslag, då det gjeldande programmet tek slutt ved utgangen av 2022. Styret sette i juni 2021 ned eit utval som skal jobbe med nytt framlegg til langtidsprogram. Utvalet skal sende ut sitt framlegg til langtidsprogram i januar 2022. Fram til det ønskjer utvalet innspel, tankar og formuleringar tilsendt frå medlemmar, lokallag og fylkeslag.
Les meir om arbeidet med langtidsprogrammet til no samt plan for innspelsmøter ved å trykke her.
- Organisasjonen er i endring. Korleis ser NU ut om åtte år?
- Temaene i langtidsprogrammet vil definere kva NU skal prioritere dei neste åtte åra. Kva tenker du – er dette dei fem riktige temaene?
- Me skal formulere fleire ambisjonar under kvart tema. Kva ambisjonar tenker du bør vere med?
Alle innspel skal sendast direkte til mona@ innan 16. januar 2022. ungdomslag. no