Ny stimulerings- og kompensasjonsordning

Kulturdepartementet har lansert den nye stimulerings- og tapskompensasjonsordninga (korona-kompensasjon).
Ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021. 
Hugs at laget må vere registrert i Frivilligheitsregisteret for å kunne søke.

Med unntak av at nedre tapsgrense på 25 000,- er fjerna, er ordninga i det store og heile lik slik den var i 2020.

SØKNADSFRIST 15. SEPTEMBER.
Trykk her for å kome til søknadsskjema.
 

Lokallag kan søke om:

  • Støtte til meirkostnadar til smitteverntilpassing. Dvs. delvis eller heilt gjennomført arrangement: Inntil 70% av søknadssummen
  • Avlysing av arrangement som følgje av myndigheitspålagte koronarestriksjonar: Inntil 50 % av søknadssummen.

  
Kontakt rådgjevar Christoffer Knagenhjelm om de har spørsmål om ordninga: christoffer@remove-this.ungdomslag.remove-this.no eller 480 04 817.