31. mai var ein litt spesiell dag på NU-kontoret, for medan Kai Roger Vatne hadde sin siste arbeidsdag som generalsekretær, hadde også kulturrådgivar Solveig Brekke Hauknes siste dag på kontoret før ho gjekk ut i eittårig permisjon.
Kai Roger skal no jobbe som dagleg leiar for Nasjonalforeningen for folkehelsen i Viken fylke, medan Solveig har fått eitt års permisjon frå NU-jobben for å ta fatt som produsent og frivillig-ansvarleg for kulturfestivalen Peer Gynt i Gålå. Det vil seie at ho skal halde styringa på alle arrangement på stemnet utanom sjølve teaterframsyninga. Det vil seie Høgsfjellskonserten, prisutdelingar og andre arrangement som er knytte til framsyninga. Vi håper at ho vil trivast, men vi håpar òg at ho kjem tilbake til oss om eit år!
Ny generalsekretær på plass
1. juni byrja vår nye generalsekretær Magni Hjertenes Flyum på NU-kontoret. Vi ønsker henne hjarteleg velkommen og gleder oss til å samarbeide. Første dag på jobb var ingen forsiktig start for Magni. Etter å ha troppa opp og møtt kollegaene Mona, Alf Steinar og Beate på kontoret, og Christoffer over nett, samt helsa på alle dei andre kontorkollegaene i tredje etasje på Kulturvernets hus, deltok ho først i styremøte i Studieforbundet, medan ho resten av dagen representerte NU saman med leiar Torbjørn B. Lauen på årsmøtet til Frivillighet Norge.
Kulturrådgivarar
Medan Brekke Hauknes er i permisjon, held Mona Husby fram i vikariat som kulturrådgivar for bunad og teater, som opphavleg er stillinga til Kulturrådgivar Rita Sirirud Vatnehol.
Vatnehol er snart tilbake frå mammaperm, og jobbar frå august 80 prosent. Da skal ho halde i kulturrådgivar-stillinga til Solveig fram til ho er tilbake. Det er altså Rita de skal spørje framover, dersom de har spørsmål rundt arrangement som har med folkedans og folkemusikk å gjere. Merk at ho fram til august jobbar om lag 20 prosent, da primært med Havleik.
Rådgivarane for informasjon, organisasjon og kulturbygg
Elles på kontoret, er Beate Haugtrø informasjonsrådgivar snart på sjette månaden, og er glad for alle innspel frå engasjerte NU-medlemmar som ser både nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev frå utsida, og som veit kva informasjonsbehov de har.
Alf Steinar Nekstad held fortet som organisasjonskonsulent, og er glad for alle som leverer rapportar og søknader innan fristen (og som oppdaterer kontaktinformasjon i Hypersys!) og Christoffer Knagenhjelm held fram som rådgivar for kulturbygg, og er i desse dagar ekstra engasjert i Huset i Bygda Trøndelag, som no har starta for fullt.