Kai Roger Vatne ny generalsekretær
I juni får Noregs Ungdomslag ny generalsekretær i Kai Roger Vatne (43).
Vatne har bakgrunn frå det lokale ungdomslaget i Ørsta og Hovdebygda på Sunnmøre og har dei siste åra arbeidd som seksjonsleiar i Raudekrossen Noreg. Der har han arbeidd med nasjonal beredskap og oppfølging av dei lokale hjelpekorpsa rundt om i landet.