NU sitt stev til kulturmeldinga

Noregs Ungdomslag sitt høyringssvar til kulturmeldinga «Kulturens kraft» (Meld. St. 8 2018-2019)

Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som samlar alle frå vogge til grav, og har levande lokalkultur som formål. Vi støtter derfor dei overordna kulturpolitiske måla Regjeringa legg fram, og spesielt måla om eit kulturliv som tek vare på og formidlar kulturarver tilgjengeleg for alle og oppmuntrar den enkelte til å oppleve og delta i kulturaktivetatarog tilbyr møteplassar og byggjer fellesskap

Kulturmeldinga trekkjer fram den immaterielle kulturarven og viktigheita av å ta vare på og formidle den til framtidige generasjonar. Vi ønskjer å trekkje fram prosjektet vårt Folkepedia, som er opplæringsfilmar av og for unge folkedansutøvarar. Prosjektet er kostnads- og ressurskrevjande, og det er behov for ytterlegare midlar for å utvide og distribuere databasen. Dette er eit kontinuerleg arbeid, ettersom også ferske tradisjonar og stilartar må dokumenterast for ettertida. Folkedansfeltet har elles behov for tilskot for organisert opplæring i lokalmiljø, noko Stiftinga for folkemusikk og folkedans, Norsk Musikkråd (KOMP) og vaksenopplæringsmidlane er gode døme på. Det er også eit behov for ei styrka opplæring på utdanningsnivå både på dans og musikk som til dømes Ole Bull-akademiet, Noregs Musikkhøyskole, og Raulandsakademiet. Folkedansfeltet har eit flott samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv.

For vidareføring, er det viktig at vi har felles arenaer for å dra nytte av kunnskapen eldre har og for kunnskapsoverføring til yngre. Aktivitetar som folkedans er helsefremmande og engasjerande, men ein treng møteplassar der eldsjeler og tradisjonsberarar kan drive munnleg tradisjonsoverføring på tvers av generasjonar. På desse arenaene føler den eldre generasjonen seg nyttige og inkluderte overfor dei yngre generasjonane. Desse møtestadene og praktiseringa av den immaterielle kulturarven er også med på å forhindre einsemd og utanforskap, i tillegg til å vera ein arena for inkludering. 

Barn og unge blir òg trekt fram som ei viktig målgruppe i kulturmeldinga, og regjeringa vil derfor framleis sikre ei god Frifond-ordning. Vi er glade for Frifond, men etterlyser samtidig tiltak som inkluderer og nyttegjer dei eldre. På side 22 i kulturmeldinga står det at dei eldre utgjer ein viktig ressurs for samfunnet generelt og kulturlivet spesielt, men regjeringa har absolutt ingen plan eller prioriteringar for nettopp denne målgruppa. Vi ønskjer å skape samhald, livsglede og kunnskapsoverføring på tvers av generasjonane, og etterlyser derfor politiske mål og tilskotsordningar som motiverer til samvere mellom unge og eldre i eit kulturelt miljø. Vaksenopplæringsmidlane er per i dag det næraste ein kjem tiltak for å samle og inkludere alle (merk krav om deltakarar over 14 år). Desse tilskota er derfor svært viktige for oss og våre medlemmar.

Dei organisasjonseigde kulturhusa, ungdomshusa, grendehusa og samfunnshusa er levande kulturarenaer som samlar generasjonar til basarar, juletrefestar og liknande. Desse er i stor grad finansiert med dugnad og frivillig innsats. Samstundes er det krevjande og vedlikehalde og utvikle desse husa vidare. Storparten av husa våre vart bygd på 1930-talet eller tidlegare, så det seier seg sjølv at desse no er overmodne for oppgradering. Her har spelemiddelordninga for lokale kulturhus ei viktig rolle. Dei siste åra har spelemiddelordninga for lokale kulturhus gradvis blitt svekka. I perioden 2013-2017 har denne ordninga blitt kutta frå 135 mill. kr til 47 mill. Eit konkret tiltak regjeringa vil prioritere er å vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen. Om ei slik omfordeling faktisk vil kome dei organisasjonseigde kulturbygga til gode, så vil vi applaudere dette!Noregs Ungdomslag ber regjeringa utvide momskompensasjonsordninga til å også gjelde investeringar og oppgraderingar av organisasjonseigde kulturbygg. Gode bygg tilpassa brei kulturaktivitet for alle generasjonar fører til meir aktivitet, mindre einsemd og betre samhald. Leikarringar og teaterlag treng til dømes gode øvingsgolv, likeeins som handballag treng gode treningsgolv.

Noregs Ungdomslag ber komiteen vurdere vedtak for følgjande merknader: 

  • Komiteen ber Regjeringa formulere politiske mål og prioriteringar som samlar generasjonar i kulturell aktivitet og kunnskapsoverføring.
  • Komiteen ber Regjeringa fremje ei sak for Stortinget om korleis ein kan sikre ei meirverdiavgiftskompensasjonsordning som er rettsfesta, fullfinansiert og som inkluderer kompensasjon for meirverdiavgift knytt til investeringar og oppgraderingar av bygg og anlegg.

 

NU SITT STEV TIL KULTURMELDINGA

Om kulturmeldinga vil eg kveda,

kulturens framtid så skal ho vera.

Frå Noregs Ungdomslag helsar eg,

me har nokre punktar som kan vise veg.

 

Den immaterielle kulturarven

den må’kje gløymast, den lyt formidlast.

Det krevst meir stønad om den ska ha liv,

som døme Folkepedia eg viser til.

 

Vår felles framtid er barn og unge,

men om dei eldre så lyt eg synge.

De må’kje gløyme kor godt det er

av mormor lære å sy og le.

 

For, viktig meiner me det må vere,

å samle folk til å saman lære.

At eldre, vaksne og alle små,

kan lære mykje når me samlast nå.

 

Bå’ titt og ofte i hus me samlast.

Eit hus med vegger og tak må byggjast.

På dugnad fikser me og steller te,

men utan momskomp så druknar me.

 

No vil eg kveda om små og store,

som både syng og ber på ei båre.

Til felles mål og med felles makt,

det er det me kallar kulturens kraft!

 

Sjå videoen på Vimeo