Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon som skaper levande lokalkultur. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 000 medlemmer og over 300 lokallag rundt om i heile landet.
Kulturrådgjevar (vikariat)
Noregs Ungdomslag har ledig eit eittårs vikariat i 100% stilling som kulturrådgjevar. Kulturrådgjevarane våre følgjer opp organisasjonen sitt arbeid innanfor dei ulike fagfelta. Vikariatet vil ha oppgåver innanfor både opplæring, levande kulturarv, teater og folkedans.
Sentrale oppgåver:
Oppfølging av gjesteinstruktørordningane
Utvikling, planlegging og gjennomføring av kurs og andre arrangement
Utvikling av fagleg tilbod retta mot medlemmer og lokallag.
Utvikling og oppfølging av prosjekt
Produsere innhald på nettsider og andre informasjonskanalar
Oppfølging av arbeidsplan og styrevedtak.
Utadretta kulturpolitisk arbeid.
Kontakt med, oppfølging av og bistand til medlemmer og lokallag.
Stillinga arbeider svært sjølvstendig på sine fagfelt, og stillinga vil bli forma av personen som har stillinga. Det er likevel eit tett samarbeid med dei andre tilsette i administrasjonen når det gjeld planlegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak som går på tvers av fagfelta.
Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar:
Organisasjonserfaring eller erfaring frå det frivillige kulturfeltet
Erfaring med å planlegge og gjennomføre små og store arrangement.
Kjennskap til fagområda våre
Evne til å sette deg inn i nye fagområde og nye arbeidsmetodar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Komfortabel i bruk av digitale verktøy
Minimum 3-årig høgare utdanning. Tidlegare arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet.
Hos oss får du:
Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmer og tillitsvalde.
Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet, sentralt i Oslo sentrum.
Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter tariffavtale.
Praktisk om stillinga:
Eittårs vikariat i 100% stilling
Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast.
Administrasjonsspråket i Noregs Ungdomslag er nynorsk
Oppstart så snart som mogeleg
For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Magni Hjertenes Flyum, på telefon 934 22 756 eller kulturrådgjevar Rita Sirirud Vatnehol, på tlf. 24 14 11 15. Send søknad og CV til magni@ungdomslag.no innan 1. oktober 2023.