Nettmøte: orientering om støtteordningar

Noregs Ungdomslag inviterer til nettmøte om nokre aktuelle støtteordningar torsdag 24. august kl. 18.00. Kulturrom og Studieforbundet Kultur og Tradisjon deltek i møtet og informerer om deira ordningar. 

I tillegg vil Noregs Ungdomslag informere om FRIFOND-ordninga. 

Kulturrom er ei tilskotsordning for teknisk utstyr og lokaler og har frist både 1. september og 1. mars. Les meir her:  https://kulturrom.no

Studieforbundet Kultur og Tradisjon forvaltar vaksenopplæringsmidlar, og gir kursstøtte. Les meir her: https://www.kulturogtradisjon.no

FRIFOND-ordninga gir midlar til aktivitet for barn og unge. I år skal lokallaga i Noregs Ungdomslag søke gjennom søknadsskjema i Hypersys (Frist. 1. oktober): https://www.ungdomslag.no/sok-pengar/frifond/

Skjemaet som ligg ute har ein teknisk feil, men den vert retta opp i løpet av kort tid. 

Velkomen til nettmøte. Møtelenke finn du her