Nettmøte om kostyme 15.juni

Tysdag 15.juni kl.19.30 - 20.30 kan du vere med på eit nettmøte om kostymebruk.
 

Anten teatergruppa skal setje opp lokalrevy, musikal eller utandørsspel treng skodespelarane kostyme. De kan trenge alt ifrå enkle kvardagsantrekk til spektakulære og fargerike spesiallaga kostyme. I dette møtet vil Mette Gøransson i Riksteateret dele av sin rike kompetanse og erfaring slik at de i lokallaga kan få med dykk både gode råd og inspirasjon til neste framsyning. Mette vil snakke om viktigheita av å starte planlegging av kostyme tidleg og om korleis ein best mogleg kan samarbeide om kostyme i gruppa. Ho vil snakke om å sjå heilskapen i det visuelle uttrykket gruppa ønskjer å vise på scena og ikkje minst kome med gode råd og eksempel på korleis skape, bruke og gjere om kostyme slik at dei får nytt liv.

Mette Gøransson er avdelingsleiar i kostyme-, maske-, og dukkeavdelinga i Riksteateret, der ho har jobba i til saman ca. 20 år, der ho brukte fem av åra til å vere på turné. Mette har arbeidd som leiar for kostymeavdelinga i NRK i seks år. Ho har sveinnebrev som dameskreddar og er utdanna tilskjerar ved Stockholms tilskjerarakademi. Det er ingen tvil om at Mette har brei og god erfaring i utvikling, laging og bruk av kostyme. 

Dette nettmøtet er aktuelt for alle de som driv med amatørteateraktivitet, anten du er skodespelar, regissør, kostymeansvarleg eller potet i lokallaget. Mange av oppgåvene i ei amatørteatergruppe blir fordelt mellom alle som deltek, og kven veit, kanskje har de nokre skjulte talent i dykkar gruppe som kan bli den nye kostymeansvarlege i neste prosjekt?

Meld deg på her!