Nettmøte: Momskompenasjon, dokumentert modell

Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Det er viktig at laga får refundert så mykje som mogeleg. Styret i Noregs Ungdomslag har difor gjort vedtak om at vi frå og med 2023 går over frå forenkla modell til dokumentert modell. I forenkla modell fekk laga kompensert 8% av dei samla utgiftene ein hadde. I dokumentert modell får laget kompensert alle momsutgiftene.

Det tek litt tid å fylle ut søknaden og vi er klar over at dette vil skape ein del meirarbeid i søknadsprosessen, men dei fleste av våre lag vil få utbetalt ein høgare sum etter denne modellen.

Vi har sett opp nettmøte med informasjon og rettleiing måndag 22. mai og 31. mai kl 18.00.
Lenke til nettmøte 22. mai: https://fb.me/e/4wM1SHqhl
Lenke til nettmøte 31: mai: https://fb.me/e/4taQbu7tg 

I tillegg kan laga ta kontakt på post@ungdomslag.no for å få hjelp til å vurdere transaksjonar og avkorting.

Søknadsfristen er 15.juli.

Du kan lese meir om momskompenasjon på https://www.ungdomslag.no/sok-pengar/momskompensasjon/.