Flyum byrjar i stillinga som generalsekretær i Noregs Ungdomslag 1. juni i år, da åremålsstillinga til noverande generalsekretær Kai Roger Vatne går ut, og han har vald å ikkje forlenge åremålet.
Flyum er busett i Nordfjordeid med mann og to vaksne barn, men skal i den nye stillinga pendle til og jobbe frå Oslo. Ho gler seg til å vere med å få i gang kulturaktiviteten rundt om i landet etter to år med korona-stillstand.
– Det blir veldig spennande å få lov å vere med i ein av dei viktigaste kulturorganisasjonane i Noreg når vi no skal "restarte" all kulturaktivitet over heile landet etter korona-tida, og fylle husa med aktivitet. Det å få lov å vere med på det, er veldig kjekt, seier Flyum til NU.
Engasjement for levande lokalkultur
I november i fjor starta styret i NU prosessen med å finne ny generalsekretær. Etter ein omfattande tilsetjingsprosess med fleire intervjurundar, fall valet på Flyum.
Leiar i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen har stor tru på den nye generalsekretæren.
– Eg har veldig trua på at Magni blir ein god generalsekretær, og ser fram til å samarbeide med henne, seier Lauen.
– Ho har ein brei organisasjonsbakgrunn og kjenner til organisasjonen vår. Samtidig har ho òg eit utanifrå-blikk, noko som er ein fin kombinasjon, legg han til.
Lauen trekker òg fram at den nye generalsekretæren er engasjert i levande lokalkultur og viser engasjement for lokallaga.
Brei erfaring
Flyum har ein cand. scient. i fiskeribiologi frå Universitetet i Bergen, og har etterutdanning i styre- og strategiarbeid, næringsutvikling, bedriftsøkonomi og sosiale medium. Ho har hatt fleire jobbar innanfor kulturfeltet, og har dei seinare åra mellom anna jobba i Nynorsk kultursentrum, kulturnæringsselskapet Vakn og er i dag dagleg leiar i Norsk Fjordhestsenter.
I grunngivinga frå tilsetjingsutvalet heiter det mellom anna at Flyum kjenner Noregs Ungdomslag gjennom verv i nærskylde frivillige organisasjonar, at ho kjenner godt til språkarbeidet, og har følgd dei ulike organisasjonane knytt til Nynorsk forum tett gjennom ulike verv.
I dag sit ho i styret i Det Norske Teatret, og har tidlegare vore styreleiar i Norsk Barneblad. Ho har lang fartstid i Human-Etisk Forbund der ho no er fylkeslagsleiar, og ho har engasjert seg i fleire styreverv i kulturorganisasjonar og frivillige organisasjonar lokalt der ho bur.
Opptatt av fellesskapet
Den nye generalsekretæren gler seg aller mest ti å møte folk.
– Eg gler meg til å møte entusiastar som legg ned masse tid og arbeid for fellesskapet. Og det er utruleg ærbødig å få jobbe i ein av dei mest nasjonsbyggande organisasjonane i landet. NU var med å bygge samfunnet, og Noreg hadde ikkje sett sånn ut utan. Organisasjonen bygde demokrati, folkeopplysning og lokale samfunnshus. Det er ei ærerik historie å ha med seg, og vi skal halde fram med å bygge samfunnet, seier ho.
– Kva er viktigast når det gjeld å bygge samfunn i dag?
– Det er å ta vare på det frivillige og at lag og organisasjonar skal ha gode vilkår så dei kan lage meiningsfull fritid for alle.
– I koronatida har alt vore så stille og folk har vorte tvinga til å ta pause frå det dei har drive med til dagleg. No skal vi starte på ny. Da er det om å gjere at Noregs Ungdomslag kan bidra til å gjere det lettast mogleg for dei tillitsvalde å både setje i gang på ny med det dei har drive med før, og også å skape nye aktivitetar, seier Flyum.
Første høve til å møte den nye generalsekretæren får de i april – da skal ho vere med på landsmøtet. Velkommen til oss!