På grunn av COVID-19 manglar det framleis svar frå nokre lag, som kan endre resultata frå første runde, men uansett har Teaterlaget i BUL Oslo gjort det særs bra med 29 av 30 moglege poeng! Det blir spanande å sjå om Teaterlaget klarer å halde koken i neste runde! Hakk i hæl følgjer Hugnad UL med 28 poeng. Etter dette er det tett nedover, Hordalaget i Oslo og Innstranda UL, deler tredjeplassen med 26 poeng. Det er òg tre lag som deler fjerdeplassen med 25 poeng, så ingen ting er avgjort!
Vi oppmodar òg laga om å sende inn resultata på e-post eller MMS. Vi har i år store problem med at Posten har sendt alle svara til feil mottakar, noko som har forsinka resultatframlegginga.
God påske!