"Eg ser på deg" er ein nylaga dans og låt som er laga spesielt til 125-årsjubileet til Noregs Ungdomslag.
Vi gler oss stort til å vise dykk dansen og musikken og håpar at lag, medlemmer og andre interesserte vil ta dansen i bruk og gjere den til sin eigen i sin lokale og regionale form.
Dansen er laga av Sigurd Johan Heide medan musikken er laga er Jorun Marie Kvernberg, Knut Sævik og Runar Gudnason.
Vi har også fått med oss fleire NU-medlemer i ein mangfoldig alder til å vere med som dansarar på filmen samt nokon til å spele inn lydklipp som bidrag til songen.
Merk dykk datoen 28. november og hald utkikk for "Eg ser på deg" i sosiale medier og på straumetenester.