Landsmøtet i helga blir filma og sendt på nett via vår youtube-kanal, og de kan difor følge med på møtet sjølv om de ikkje har hatt høve til å reise til Oslo denne helga.
Vi har gjort avtale med ein dyktig gjeng med IKT- og mediefagelevar ved Nannestad vidaregåande om å strøyme landsmøtet. Gjennom medielinja har dei ei eiga elevbedrift der dei både tek på seg oppdrag med filming, dokumentasjon, marknadsføring og strøyming.