Instruktørkurs med ungdomsfokus

I samband med den store jubileumsfeiringa av Bygda Dansar 20 år, inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs med ungdomsfokus på Riksscenen i Oslo 14.-15. mai. Det blir stor dansefest laurdag kveld og mykje som skjer på huset heile helga i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. I tillegg har også FolkOrg dommarseminar parallelt med vårt kurs.

Dette instruktørkurset er eit kurs der vi vil fokusere på instruksjon av ungdomar som målgruppe. Vi ynskjer å knytte tematikken opp mot Bygda Dansar-jubileet og ser det som naturleg å hente inn ressursar og erfaringar frå korleis ein mellom anna har jobba med ungdom og folkedans gjennom mange år i dette prosjektet. Korleis kan ein på ulike måtar instruere ungdom i folkedans i dag? Og korleis bygger vi gode miljø og grupper for ungdom i byen og på bygda? Kva utfordringar og fordelar finst med denne målgruppa? Kva metodar og teknikkar kan vi ta i bruk for å formidle og lære bort folkedans til dagens ungdom?

Kurset blir med dei dyktige pedagogane Inga Myhr og Torill Steinjord.

Meld deg på via denne sida: www.deltager.no/event/instruktorkurs_ungdomsfokus_oslo.

Påmeldingsfrist torsdag 28. april 2022 kl. 23:59.

 

Spørsmål om kurset? Kontakt oss gjerne.