Hordaland får ettertrakta danseprosjekt

Hordaland får ettertrakta danseprosjekt (2019-2022)

 

No kjem Bygda dansar til Hordaland. Bygda dansar er et nasjonalt ambulerende folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 og 19 år. Gjennom 3 år vil ungdom som vel å delta, få lære folkedans av nokre av dei beste folkedansarane i Noreg, vere med på forestillingar og delta på dansesamlingar og turar.

 

Tysdag 13. november, blei det klart at Hordaland Fylkeskommune godkjente søknaden om KUP-midlar tilsvarende eigendelen på 450.000 kroner fylka betaler for å få prosjektet lagt til sitt fylke. Hordaland er det 12. fylket Bygda dansar starter opp i, og har siden 2001 bokstavelig talt dansa seg gjennom fylke til fylke. Akkurat no er Bygda dansar inne i sitt siste år i Rogaland, og i sitt andre år i Troms.

 

Bygda dansar skal, som prosjekteiaren sin Stiftinga for folkemusikk og folkedans fremje, verne og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjoner, som eit uttrykk for kulturell identitet og som bærar av særeigne kvalitetar. – Når prosjektet er i Hordaland, vil det vere den unike immaterielle tradisjonsarva i Hordaland vi dykkar inn i, og synleggjer. Vi vil også engasjere lokale tradisjonsbærarar til å delta for å dele kunnskap med yngre generasjoner.