Fråsegn vedteke av styret i Noregs Ungdomslag 25. oktober 2020:
Tilsette og tillitsvalde i Noregs Ungdomslag skal berre reise med selskap som følgjer innanlandske lønsvilkår og tariffar, og som respekterer retten til fagorganisering. Noregs Ungdomslag oppmodar vidare fylkeslag, lokallag og medlemmar i NU til å unngå å bruke selskap som bryt med dette, no aktualisert ved Wizz air.