Fråsegn vedtekne på landsmøtet i Noregs Ungdomslag 29. april 2018
Full momskompensasjon
Noregs Ungdomslag ber Regjeringa følgje opp Stortinget sitt vedtak frå 20. juni 2017:
Stortinget ber regjeringen styrke momskompensasjonsordningen til frivillige organisasjoner gjennom en opptrappingsplan og utvikling av ordningen som sikrer at midlene kommer organisasjoner som er basert på frivillighet til gode.
Frivillige organisasjonar sikrar aktivitetar, læring, personleg utvikling og inkluderande fellesskap i lokalsamfunnet. Lagseigde ungdomshus, grendehus og klubbhus er viktige møteplassar på tvers av generasjonar. Gjennom deltaking i organisasjonar ser alle verdien av å skape noko saman. Frivillige organisasjonar er skular i samarbeid og organisering og utgjer grunnfjellet i demokratiet.
Det er tverrpolitisk semje om at frivillige organisasjonar skal kompenserast for mva.-utgifter. Mva.-kompensasjon er ei enkel og lite byråkratisk ordning, som har stor verdi for organisasjonane. I 2017 vart det utbetalt 1,32 milliardar kr i kompensasjon, noko som er 27,2% mindre enn dei faktiske utgiftene. Denne avkortinga har auka dei siste åra. Staten løyver altså ikkje nok pengar.
Rundt i landet er det er fleire hundre små og store organisasjonseigde kulturhus. I motsetnad til idrettsanlegg får ikkje desse kompensert mva. ved nybygg og vedlikehald. Dei fleste husa blir vedlikehaldne med frivillig innsats, og men med stadig større byggtekniske krav, blir dette store kostnader for frivillige lag og organisasjonar. 25% reduksjon i investeringsutgifter vil vere eit godt grunnlag for å sikre vidare utvikling og bruk av desse husa. Hus er det viktigaste grunnlaget for å skape rom for aktivitet.
Noregs Ungdomslag ber regjeringa sikre 100% mva.-kompensasjon i statsbudsjettet for 2019, og inkludere organisasjonseigde kulturhus i ordninga.