Fagdagane 2021: Kvinner i bunadshistoria

Velkomen til Fagdagane i bunad og folkedrakt!

Tid: 25.-26. oktober 2021
Stad: Fagernes


Fagdagane finn vegen tilbake til Fagernes 25. og 26. oktober, og det er ei glede å kunne ønskje velkomen til to dagar med inspirasjon, interessante foredrag, bunadsutstilling, kurs og festmiddag. Det faglege står høgt i setet, men det gjer også det sosiale samværet. Fagdagane er for alle som jobbar med, eller er interessert i folkedrakt og bunad.

Arrangementet finn stad på Scandic hotell Valdres. Det blir også lagt opp til besøk på Valdres folkemuseum og den nye utstillinga «Fyrstedamar i bunad». I tillegg til foredrag og utstilling vil du som deltakar ha moglegheit for å melde deg på kurs i ulike småteknikkar.

Les meir om programmet her: https://www.bunadbruk.no/hva-skjer/fagdagane-2021-kvinner-i-bunadshistoria

 

Oppdatering 10. august 2021:  Påmeldinga er midlertidig stengt på grunn av stor pågang. Meir informasjon kjem når arrangørane har endeleg oversikt over kva for kapasitet ein kan tillate på arrangementet.

Lenke til påmeldingsskjema (mellombels stengt)