Det skal vere trygt å drive med folkemusikk og folkedans!

Det seier dei tre organisasjonane FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. – Vi har gått saman om å tydeleggjere at seksuell trakassering og overgrep ikkje høyrer heime i miljøet vårt, og kva rutinar som gjeld om det skjer uønskja hendingar seier Linda Dyrnes, Torbjørn Bergwitz Lauen og Ellen Krageberg.

I november samla over 50 personar i folkemusikk- og folkedansmiljøet seg om eit opprop omkring seksuell trakassering. Dei fortel at det finst ein ukultur, og at den må vi gjere noko med.

Etter avisoppslaget har organisasjonane fått fleire reaksjonar, både frå dei som ikkje kjenner seg att, men òg frå dei som seier at det er bra og viktig at dette no kjem på dagsorden.

Folkemusikk- og folkedansmiljøet er først og fremst eit godt miljø, og det er ei glede å kunne samlast om folkedansen og folkemusikken. Vi har helsebringande viktige sosiale møteplassar som gjer mykje godt for lokalsamfunnet. Men seksuell trakassering og overgrep er eit samfunnsproblem, og miljøet vårt er diverre ikkje noko unnatak. Oppropet er ei viktig påminning for oss i organisasjonane om å ha meir fokus på dette arbeidet. FolkOrg, Noregs Ungdomslag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans tek dette på alvor, og står solidarisk saman for å ta tak i dette på ulike måtar. Vi har tru på at dette skal vi klare.

Organisasjonane jobbar no saman om sette dette på dagsorden att. Det er gjort mykje, men det har kanskje ikkje vore synleg nok.

Vi må sørgje for å informere godt om dei retningslinjene som finst, og skape eit klima der det skal opplevast trygt å sei ifrå når nokon opplever noko som ikkje er greitt. Det arbeidet må vi gjere både nasjonalt, regionalt og lokalt. Vi må gjere heile miljøet meir medvitne om desse problemstillingane.

Vi vil informere meir om kva vi gjer for å bygge god kultur, og korleis det kan jobbast med lokalt. Til dømes har Noregs Ungdomslag nyleg vedteke sine etiske retningslinjer, oppretta eit nytt verneombod for medlemmar, tillitsvalde og frivillig, og vil bruke året framfor oss til å jobbe med å nå ut med informasjon om dei nye etiske retningslinjene til heile organisasjonen. FolkOrg vil informere meir om sine retningslinjer, og går inn i arbeidet med å ta Balansemerket, ei merkeordning for organisasjonar for godt arbeid i handtering av diskriminering og trakassering. 

Norsk senter for folkemusikk og folkemusikk vil invitere til eit nettmøte med temaet «Korleis jobbar vi for å førebyggje det som ikkje er bra i organisasjonane våre?». Der vil alle organisasjonane i representantskapet bli invitert til å få høyre meir om Balansekunst , og korleis dei kan jobbe konkret i sine organisasjonar med dette temaet. 

Balansekunst har òg ein rådgjevingstelefon, eit lågterskeltilbod for personar som har opplevd, vore vitne til eller har spørsmål om diskriminering, seksuell trakassering eller maktmisbruk i kulturlivet (tlf. 940 87 929). Denne rådgjevingstelefonen er gratis og tilgjengeleg for alle i kulturlivet.

Vi vil jobbe meir med denne saka i året som kjem. Ta gjerne kontakt om du har idear om korleis vi kan gjere denne jobben for å få ein betre kultur.
 

Nettmøte torsdag 10. desember kl 14.30 - 16.00

Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff) inviterer alle organisasjoner og institusjoner i representantskapet til å få innsikt problemstillingen og muligheten som finnes for å jobbe med å bygge god kultur i egen organisasjon. 

LES MEIR!