Krydra med bilde frå blant anna Noregs Ungdomslag, skisserer den nye friviligheitsmeldinga fleire fornuftige tiltak som vil gjere livet lettare for den norske frivilligheita. Nokre manglar må likevel peikast på.
På side 87 i Frivilligheitsmeldinga seier regjeringa at det viktigaste for dei, er at det finst grobotn for ei levande og mangfaldig frivilligheit i alle norske lokalsamfunn. Dette er heilt i tråd med NU sitt føremål om å skape engasjement og levande lokalkultur.
Levande lokalkultur
For ein aktiv NU’ar vil det vere lett å kjenne seg igjen i det meste som står i meldinga, og spesielt sidan Noregs Ungdomslag, ungdomslaga og ungdomshusa blir nemnt spesifikt fleire stader i meldinga, treff ho. Det er ei synleggjering av NU si rolle som ein viktig aktør både lokalt og sentralt, som ein demokratibyggjar og som frivilligheitsarena.Det er godt sjå at den frivillige innsatsen som blir lagt ned hjå kvart eit lokallag med teaterframsyningar, vaffelsteiking, barneleikarringar og dugnad blir sett pris på og verdsett også av regjeringa.
Meir kunnskap
Måten ein engasjerer seg på har forandra seg og kven som engasjerer seg har også endra seg noko. Det ein likevel ser, er at det frivillige engasjementet veks. Spørsmålet vert derfor korleis ein best kan møte behov eit felt som er i endring. Regjeringa vil fortsetje å drive forsking på frivillig deltaking, rammevilkår og utvikling av frivilligheita. Kulturalliansen sitt nystarta prosjekt om å dokumentere og få tilstandsrapportar frå kulturbygg som frivillige organisasjonar driftar eller brukar, vert peika på som eit viktig tiltak. Noregs Ungdomslag stiller seg heilhjarta bak dette initiativet.
Fire mål
Det kjem tydeleg fram at regjeringa ser verdien av styrken, omfanget og det breie engasjementet til den norske frivilligheita. Frivilligheitsmeldinga skisserer fire frivilligheitspolitiske mål som gjev grunnlag for regjeringa sine prioriteringar; brei deltaking, ein sterk og uavhengig sektor, forenklingsreform og ein samordna frivilligheitspolitikk.Ein forenklingsreform kor ein kan gjere søknad og rapportering enklare og meir forståeleg vil ikkje berre vere til fordel for organisasjonane, men også for dei som administrerer ordningane. Eit samla felt av frivillige organisasjonar har i årevis klaga sin nød over kortvarige og snevre prosjektmidlar som heller skulle ha vore varige driftsmidlar for å sikre føreseielege rammer for organisasjonsaktiviteten. Akkurat dette ønskjer regjeringa no å sjå på. Vi er også glade for at regjeringa i tett samarbeid mellom frivillig sektor og offentlege styresmakter vil dedisere året 2022 til frivilligheita, og vi er spente på å sjå kva Frivilligheitsåret 2022 vil innehalde.
Auka momskompensasjon
NU er spesielt glad for at regjeringa ønskjer å arbeide for å gje frivillige organisasjonar dei økonomiske rammevilkåra dei treng for å drive sitt arbeid. Regjeringa vil mellom anna trappe opp støtta til frivillig sektor gjennom momskompensasjonsordninga, noko vi applauderer. Meldinga talfester målet til 1,8 milliardar i 2021 mot 1,32 milliardar i 2017. Det kan høyrest ut som eit solid hopp, men utrekningar frå Frivillighet Norge peikar på at det likevel er langt att til full kompensasjon. Vi stiller oss bak Frivillighet Norge si oppmoding til regjeringa om å satse endå litt friskare.
Like vilkår som idrettsanlegga
Per i dag er det berre idrettsbygg som har ei eiga momskompensasjonsordning. Regjeringa viser til krav frå frivillig sektor utanom idretten at ei tilsvarande ordning må innførast for alle organisasjonseigde bygg. Med alle ungdomshusa som finst i vår organisasjon, er dette noko som er svært viktig for oss å følgje opp. Vi er med på at ein må gjere ei utgreiing for kva konsekvensar det vil få å innføre ei slik ordning for nybygg, rehabilitering og ombyggingskostnadar av organisasjonseigde bygg. Kartleggingsprosjektet til Kulturalliansen vil vere til god hjelp i ein slik prosess. Det vi ikkje er med på, er påstanden på side 60: «Dersom ordninga skal utvidast til å gjelde alle kostnader knytte til nybygg og påkostningar, vil ein betydeleg del av løyvinga gå til dette formålet på kostnad av aktivitetsformål». Dette stemmer ikkje. At rehabilitering og nybygg kostar? Heilt klart! At det går på kostnad av aktivitetsformål? På ingen verdens måte! Det er jo bygga som husar aktiviteten. I vår organisasjon har vi nok av døme på ungdomslag som har måtte kutte aktivitetane, fordi huset deira er i for dårleg stand. Når taket er 100 år gammalt og lekk, så må det rehabiliterast – ikkje haldast ved like. Om regjeringa meiner idretten treng momskompensasjon til nybygg og rehabilitering for sine aktivitetar, har vi vanskeleg for forstå at kulturen eller andre sektorar ikkje skulle trenge kompensasjon til det same.
Regjeringa vil vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg og frivilligeigde bygg innanfor ramma av tippenøkkelen. Vi er glade for denne vurderinga, og skal gjere vårt for å synleggjere utfordringar knytt til drift av våre eigne hus og viktigheita av å legge til rette for framtidig bruk av dei.
På likefot i framtida
Sjølv om frivilligheitsmeldinga ikkje inneheld for mange løfter og konkrete tiltak som ein kan bruke aktivt i kontakt med politikarane, er vi nøgde med å sjå at frivilligheita blir løfta fram slik ho blir gjort i denne meldinga. Det er viktig at politikarane ser, snakkar med og snakkar om dei frivillige slik at vi saman kan arbeide for best mogleg tilrettelegging for frivillig arbeid. Samtidig er det viktig at frivilligheita skal vere fri for politisk styring, slik det blir sagt i meldinga. Noregs Ungdomslag ser fram imot vidare arbeid og fokus på ei frivillig framtid der idrett og kultur står på likefot både i anerkjenning og rammevilkår.
- Les heile frivillighetsmeldinga: Meld.St.8 2018-2019: Den statlege frivilligheitspolitikken