Bli vår nye informasjonsrådgjevar

Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon med omlag 14 000 medlemmer i nærare 340 lag i heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktivitetar. Vårt slagord er «Levande lokalkultur»

Noregs Ungdomslag har kontorfellesskap med andre kulturorganisasjonar, sentralt i Oslo sentrum. Det er seks tilsette i administrasjonen.

Noregs Ungdomslag søkjer informasjonsrådgjevar

Noregs Ungdomslag har ledig ei fast 100 % stilling med ansvar for informasjonsarbeidet i organisasjonen.

Søknad sendast inn via Finn.no via denne lenka.


Sentrale ansvarsområde:

  • Redaktøransvar for nettsider og sosiale medium
  • Sende ut jamlege nyheitsbrev til tillitsvalde
  • Marknadsføring av sentrale arrangement
  • Utvikling og produksjon av informasjonsmateriell
  • Bistå i utforming av kronikkar og anna interessepolitisk arbeid
  • Kontakt med, oppfølging av og bistand til medlemmer og lokallag
  • Vere strategisk rådgjevar for kommunikasjonsarbeidet i organisasjonen

Korleis oppgåvene til informasjonsrådgjevaren vert løyst, vil i stor grad vere forma av personen som har stillinga. Det er likevel eit tett samarbeid med dei andre tilsette i administrasjonen når det gjeld planlegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak som går på tvers av fagfelta. Det er også viktig at du er fleksibel og endringsvillig då det førekjem overlapping for kollegaer, samt adhoc-oppgåver. Stillinga har budsjett-, oppfølgings- og strategiansvar for sine fagområder.


Vi håper du har følgjande kvalifikasjonar:

  • Kommunikasjonsfagleg kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med Adobe-pakken 
  • Erfaring med foto
  • Erfaring med å planlegge og gjennomføre små og store arrangement
  • Organisasjonskunnskap
  • Politisk teft
  • Minimum 3-årig høgare utdanning. Tidlegare arbeidserfaring kan kompensere for dette kravet.

Hos oss får du:

  • Sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver, med store moglegheiter til å påverke din eigen arbeidskvardag.
  • Engasjerte og dyktige ungdomslagsmedlemmar og tillitsvalde.
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø, i kontorfellesskap med fleire frivillige organisasjonar på kulturfeltet, sentralt i Oslo sentrum.
  • Fleksibel arbeidstidsordning og løn etter lokal avtale.

Praktisk om stillinga:

  • Fast  100 prosent stilling
  • Noko reiseverksemd og kvelds-/helgearbeid må påreknast.
  • Administrasjonsspråket i Noregs Ungdomslag er nynorsk
  • Ønskja oppstart så snart som råd.


For spørsmål ta gjerne kontakt med generalsekretær Kai Roger Vatne, på telefon 99394350.

Søknad og CV sendast ved å bruke søknadsfunksjonen på Finn.no, innan 1. november 2021. For å komme til Finn-annonsa trykk her.