I samband med at Noregs Ungdomslag fyller 125 år i 2021 vedtok styret tidlegare i år å setje av midlar som kunne bli brukt til å gjennomføre lokale jubileumsarrangement. Søknadsfristen for å søkje om tilskot var 1. juni og det kom inn søknadar ifrå lokal-, og fylkeslag frå heile landet. I alt 25 ulike arrangement får tildelt tilskot til gjennomføring og styret har gitt tilsegn på til saman 261 500 kroner til desse arrangementa. Det gler NU særs mykje å kunne ha moglegheit til å bidra til at aktivitet skjer lokalt og vi vonar at dei ulike jubileumsarrangementa vil skape både glede, auka aktivitet og merksemd til både laga og organisasjonen som heilheit. Å kunne bidra til at ting skjer lokalt i eit år der mykje har blitt satt på vent er ekstra hyggeleg.
Det er stor variasjon i dei planlagde arrangementa og det er godt å sjå at engasjementet lever i organisasjonen også etter 125 år. Laga har søkt om tilskot til alt ifrå bilrebus, utstillingar, festkveldar og framsyningar til pølsefest, bunadsparade og turar. Det er lag frå heile Noreg som har søkt og fått innvilga tilskot og det blir spanande å sjå korleis NU-anden vil bli markert frå Agder til Troms og Finnmark og alle stader der imellom. I etterkant av arrangementa skal dei laga som har fått innvilga tilskot sende ein enkel rapport og dokumentasjon i form av film eller bilde til NU sentralt, og det vil bli særs gledeleg å sjå alt som har skjedd i løpet av det neste halve året.
Følg med på fylkeslaget eller lokallaget i nærleiken av der du bur, og det kan godt vere du får moglegheit til å få med deg eit jubileumsarrangement eller fleire.
Vi ønskjer lukke til med gjennomføringane!