UngtDemokrati 2023

Er du, eller kjenner du ein over middels engasjert ungdom i alderen 14 – 26 år? Vi har eit fantastisk tilbod med intensiv opplæring i organisasjon, leiing og demokrati. Kurset har vi kalla UngtDemokrati.

Vi plukkar ut 20 heldige kandidatar i alderen 14 – 26 år som får dekt alt av reise, opphald og kursinnhald. Vi er ute etter motiverte sjeler som ønsker å lære meir om kva rolle dei frivillige organisasjonane har i demokratiet, og korleis ein sjølv kan vere med å påverke eigne interessefelt.

Det har så langt blitt gjennomført UngtDemokrati-kurs i 2018, 2019 og 2022 av Noregs Ungdomslag. Deltakarane som deltok på kursa var veldig nøgde og gav gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag og lokallaget sitt, og veit no langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompentanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. 
Dei har vorte betre kjent med seg sjølve og fått tenkte stort rundt kva dei ønsker å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane. Noregs Ungdomslag ønsker å bygge vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ein ny runde. 

Kurset vil bli gjennomført 29. - 30. april i Oslo, samtidig og på same stad som landsmøtet til Noregs Ungdomslag. 

Nytt av er at du ikkje melder deg på 3 samlingar. Vi kjøyrer i 2023 tre enkelståande kurs med ulikt innhald. 

Høyrast dette ut som noko for deg eller nokon du kjenner, send gjerne inn ein søknad. Søknadsskjema finn du her. Så blir du kontakta dersom du blir trekt ut til å delta på samlinga! 
 

Nina Byttingsmyr og Marit Kvamen er to av dei som deltok på pilotprosjektet:

“På UngtDemokrati får du lære mykje om deg sjølv og andre. Du får tips om korleis du kan vere ein god leiar og korleis ein organisasjon kan fungere. Instruktørane er veldig dyktige og lærer bort med mykje enusiasme, finurlege øvingar og litt tøys” 

- Nina Byttingsmyr, deltakar i 2019.

«For meg var kurset heilt eineståande. Det eg trudde skulle bli lange timar med notatblokka, vart til eit sterkt, rørande og styrkande møte med meg sjølv og andre.

I notata mine kan eg lese om kva som er mine gode eigenskapar, kva verdiar som er viktige for meg, og kven i livet mitt eg kan støtte meg til. Uansett situasjon kan eg alltid gå tilbake til desse notata og finne mot og krefter til å stå på vidare.

Kurset gav meg i tillegg ei god innføring i organisasjonsstruktur, leiarskapsfilosofi, og ei djupare forståing av korleis vi menneske fungerer og korleis vi best kan samarbeide. Kurset gjorde meg bevisst på mine eigne styrkar, men òg styrkane til dei rundt meg.

Dette er lærdom som stadig kjem til nytte, både i jobb, frivillig arbeid og som medmenneske.»

- Marit Kvamen, deltakar i 2018.

Her kan du lese eit intervju med Marit, der ho fortel meir om da ho var med på kurs.

 

Har du spørsmål til UngtDemokrati eller lurer på om dette kan vere noko for deg, ta gjerne kontakt med Mona Husby: mona@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.