Dramas er ei teneste for amatørteatergrupper og skolar/kulturskolar i Noreg. Dei formidlar manus til lesing, behandlar søknadar om speleløyve og betaler ut royalties til dei som sit med rettane til manusa.
I manusbasen til Dramas finn du nærmare 3 000 manustitlar som du kan bestille for lesing eller framføring. Dramas formidlar òg notar og musikk til ein del musikkteaterverk.
Ønsker du å søke opp manus og søke om å få framføre teaterstykka hos Dramas, finn du nettsida og manusarkivet deira her.