Lokallaga og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag driv eit stort opplæringsarbeid, ofte gjennomført som kurs gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon.
Noregs Ungdomslag sentralt brukar også mykje ressursar på instruktøropplæring og kompetanseutvikling i organisasjonen.
Her finn du oversikt over alle kursa Noregs Ungdomslag tilbyr:
Noregs Ungdomslag har ei instruktøropplæring i teater og folkedans som skal dekke dei fleste sjangrar. Kursa skal gjennomførast i ulike regionar rundt om i landet.
Instruktørkursa er sterkt subsidierte av sentralleddet. Dette betyr at kursa er rimeleg for deltakarane, og at det ikkje skal vere nokon økonomisk risiko å vere vertskap for kursa.
NU ønsker å gjennomføre 4 teaterkurs og 4 folkedanskurs kvart år. Geografisk plassering og fastsetjing av tema for dei ulike kursa blir gjort etter innspel frå lokal- og fylkeslag. Sentralleddet vil vere økonomisk ansvarleg for kurset, men den praktiske gjennomføringa kan leggast til både storkurs i fylkeslaga, eller på eigne arenaer i lokal- og fylkeslaga.
Vi legg opp til at instruktørkursa er helgekurs som går over 12 timar, og det er mogleg med kursstart anten fredag eller laurdag.
Meld inn ønske og behov til post@ungdomslag.no dersom de vil ha kurs til området dykkar!
Gjesteinstruktørordning i Noregs Ungdomslag Alle medlemslag i Noregs Ungdomslag kan søke om å få ein gjesteinstruktør til laget sitt, mot ein eigenandel på 5 000 kroner. Vi har moglegheit for å tilby 4-6 gjesteinstruktørkurs på kvart fagfelt kvart år.
For å søke om å få gjesteinstruktør, finn de søknadsskjema her:
Søknadsskjema til gjesteinstruktør i NU for kurs som gjennomførast våren 2024 (januar-juli)
Vi har to fristar i året: 1. mai og 1. november.
Kort tid etter kvar frist, vil laget få beskjed om ein er av dei utvalde til å nytte gjesteinstruktørordninga og ein vil da komme i kontakt med kulturrådgivar eller organisasjonskonsulent for å avtale detaljar kring kurset.
Krav:
• Kurset skal vare minimum åtte timar
• Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon
• Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
• Laget må ha levert årsrapport og registrert sine medlemmar i medlemssystemet
• Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
• Eit lag kan berre nytte ordninga ein gong per kalenderår
Om det er mange lag som søker, blir laga vurderte etter gitte kriterium. Prioriterte lag kan til dømes vere lag som ikkje har nytta ordninga på ei stund, lag som treng starthjelp eller lag som har behov for ekstra hjelp for å stimulere til aktivitet.
Gjesteinstruktørordninga gjeld for både teater-, dans-, og organisasjonskurs.
Hugs søknadsfristane 1. mai og 1. november.
For organisasjonskursa er det ingen søknadsfrist.
Teater og revygrupper i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein instruktør heim til laget sitt. Vi tilbyr alt frå hjelp til å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, klovning, sminke, scenografi m.m.
Vi ber laga om sjølve å kome med kursforslag. Så lenge temaet har med teater og scene å gjere, er det innafor. V finn den instruktøren som kan passe best til akkurat det temaet di gruppe ønsker, og de kan sjølve komme med forslag til instruktør dersom de har nokon de kunne tenke dykk å ha kurs med. I og med at vi ikkje har fast ansette instruktørar som står klare til å reise ut, betyr det at det er viktig at de er ute i god tid. Minimum 20 virkedagar før kursstart.
Korleis bestille instruktøren?
Søk innan 1.mai eller 1.november for å søke om å få ein instruktør til laget ditt.
NB: for våren 2023 er det eigen frist 1. desember for å søke om gjesteinstruktør.
Søknadsskjema gjesteinstruktør vår 2024
Kontoret tar ansvar for å skaffe den rette instruktøren til ditt lag. Laget betaler ein eigenandel på 5 000 kroner.
Laget får helgekurs på inntil 10 timar og Noregs Ungdomslag betaler honorar, reise og overnatting til instruktør.
Laget er ansvarleg for å skaffe overnatting til instruktøren, men rekninga sender de til Noregs Ungdomslag.
Avlysingsfrist for eit oppdrag er på 14 verkedagar, etter det må laget betale sin eigenandel uansett. Det tyder at det er viktig å vere ute i god tid for å be om ein gjesteinstruktør.
Lag i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein danseinstruktør til å halde kurs i laget sitt.
Vi tilbyr helgekurs på 8-10 timar. Det er muleg å bestille instruktør til kurs i til dømes turdans, songdans, runddans, bygdedans, danseteknikk, nybyrjarkurs, fordypingskurs, swing, linedance med meir.
Vilkår: Laget betaler ein eigendel på 5 000 kroner, og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale og ordne med påmelding. Laget pliktar å melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon, seinast same dag som første kursdag. Her får ein kurstilskot per deltakar over 14 år.
Korleis søke om instruktør?
Planlegg i god tid. Mange instruktørar er travle og har lagt planar for mange helger framover. Difor kan det vere lurt å planlegge kurset i god tid slik at ein får den instruktøren ein ønsker seg.
Her finn du søknadsskjema for å søke om gjesteinstruktør til laget ditt:
Søknadsskjema gjesteinstruktør vår 2024
Vi gjer ein gjere avtale om tidspunkt og tema for kurs. Kontoret finn den rette instruktøren til ditt lag. Laget betaler ein eigenandel på 5 000 kroner. Laget får helgekurs på inntil 10 timar og Noregs Ungdomslag betaler honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget er ansvarleg for å skaffe overnatting til instruktøren, men rekninga sender de til Noregs Ungdomslag. Avlysingsfrist for eit oppdrag er på 14 verkedagar, etter det må laget betale sin eigenandel uansett. Det er med andre ord viktig å vere ute i god tid når ein vil bestille ein gjesteinstruktør.
Lag i Noregs Ungdomslag kan få besøk av NU-kontoret til å halde organisasjonskurs.
Vi tilbyr helgekurs på 8-10 timar. Organisasjonskursa får laga for sjølvkost for kurshaldaren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale og ordne med påmelding mm. Laget pliktar å melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon, seinast same dag som første kursdag. Her får ein kurstilskot per deltakar over 14 år.
Korleis bestille ein kurshaldar?
For å få ein kurshaldar og avtale kurstype og tidspunkt, kan du kontakte NU-kontoret ved organisasjonskonsulent Alf Steinar Nekstad (e-post: alf.steinar@ungdomslag.no).
Kom gjerne med ønske om tema for kurset, aktuelle datoar, og eventuelt andre ting. Dersom de ikkje har konkrete ønske, kan vi hjelpe til med å finne ein instruktør og eit tema som passar for dykk. NU lagar avtale med både instruktør og lokallaget, samt betaler honorar, reise og overnatting til instruktøren.
Bunadsopplæringa
Bunadopplæringa er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon. Kursrekka består av seks modular, til saman skal dette gje deltakarane ei brei innføring i praktisk bunadssaum. Kursrekka er open for alle som vil lære meir om bunadssaum, anten som grunnlag for fritidsinteresse eller næring.
For påmelding og meir informasjon, gå inn på Studieforbundet kultur og tradisjon sine sider her.
Bunad og berekraft
Målgruppa for denne kompetansehevinga er utøvarar innanfor det store bunadsfaget. Det kan til dømes vere bunadstilverkarar, handvevarar, skomakarar og sølvsmedar, som har etablerte bedrifter og som har behov for å utvikle og tilpasse drifta til nye vilkår.
Tilbodet er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Scenerom
Scenerom er ei teaterfagleg modulbasert opplæring retta mot regissørar og produsentar som driv med amatørteateraktivitet. Kursrekka består av fire modular med kvart sitt definerte tema. Du kan velje om du vil ta alle fire modulane, eller om du vil gå ein eller nokre av kursmodulane. NU samarbeidar med Frilynt Norge, Norsk Amatørteaterforbund og Studieforbundet kultur og tradisjon om denne kursrekka.