NU Kulturformidling
Prosjektet NU Kulturformidling har som hovudmål å skape aktivitet i ungdomshusa. Konkret vil ein forsøke få bygge opp turné-nettverk av arrangørar og scener blant dei nær 400 lokallaga og 220 ungdomshusa som er tilknytte Noregs Ungdomslag.
Ungdomshusa er små kulturhus og ligg rundt om kring i heile landet, både ute på øyer, inne i tronge dalar og langt oppe i små fjellbygder, mange av desse plassane har ikkje scener for profesjonelle kunstuttrykk. Her har ungdomshusa eit unikt potensiale. Lokallaga skal få tilført arrangørkompetanse og drahjelp gjennom prosjektet. Ein nettportal skal synleggjere arrangørane for utøvarar og setje dei i kontakt med kvarandre. Sjå www.ungdomshus.no.
Ønsker ditt lokallag å bli arrangørar i prosjektet?
Ta kontakt med prosjektleiar Anne-Marte Før på annemartefoer@ eller 936 53 751. gmail. com