Lær deg å danse!

Folkepedia er eit satsingsprosjekt starta av Noregs Ungdomslag i 2016, der vi lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans. Det er barn og unge som viser fram og forklarer dansane i filmane, og hovudmålgruppa er òg barn og unge, men filmane kan brukast av alle. 

Ordet Folkepedia er sett saman av «folke» som viser til folkedans og folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. 

Filmane er tilgjengelege og heilt gratis for både medlemmer i NU, ikkje-medlemmer, lærarar i skole og kulturskole, instruktørar eller kven som helst andre interesserte. 

Sjå www.folkepedia.no for meir enn 100 dansefilmar, og fleire skal det bli.

Følg gjerne med på Facebook-sida til Folkepedia for oppdateringar om prosjektet. Trykk her for å komme til Folkepedia på Facebook.

 

Slik kan du og ditt lag få vere med på Folkepedia

Folkepedia er eit spennande prosjekt der vi ønsker å involvere mange av våre eigne lag som ressurspersonar og filmstjerner. På tre år har vi produsert godt over 70 opplæringsfilmar som ligg tilgjengelege for alle på nettstaden folkepedia.no. Vi ønsker å produsere enda fleire. Den langsiktige planen med prosjektet er å spele inn alle dansane vi brukar i NU i dag, slik at vi får ein representativ base med filmar for heile landet og alle undersjangrane av folkedans. For å få til dette, krevst det ein god del tid, ressursar og pengar. 

No vil vi ha hjelp frå laga til å spele inn fleire filmar. Så kva kan de gjere?

  1. Ta kontakt med folkedansrådgivaren i Noregs Ungdomslag og fortel om at de er interesserte i å vere med på Folkepedia (trykk her for å sjå kven dei tilsette er)
  2. Saman finn de ut når og om det kan vere realistisk med ei innspeling.
  3. Laget får vidare i oppgåve å finne finansieringskjelder til prosjektet. Det kan til dømes vere lurt å søke kulturmidlar hos fylkeskommunen, kommunen, lokale lag og foreiningar, Rådet for folkemusikk og folkedans og eventuelt andre moglege ordningar. Kanskje det er nokre stiftingar eller andre aktørar i området som ønsker å støtte prosjektet? Her gjeld det å vere kreativ, for det er mange midlar som skal hentast inn.

Økonomi

Ved kontakt med NU, får laga tilsendt ein budsjettmal for prosjektet som dei kan bruke i søknadsprosessen. Det er ofte snakk om om lag 120 000 kroner som skal innhentast eksternt for å finansiere ei helg med filming.

Praktisk

I planlegginga av prosjektet, er det NU sin folkedansrådgivar som blir kontaktperson. I tillegg har Folkepedia ein eigen kurator som står for det kunstnarlege innhaldet i filmane. Denne personen blir det også ein del kontakt og planlegging med.

Ei helg med filming brukar å vere laurdag og søndag, om lag frå klokka 09-17 begge dagar. Sjølve helga kjem det eit profesjonelt mannskap til laget for å filme. Ein kurator, to fotografar og ein lydteknikar. 

Etter innspelinga er det etterarbeid med ein profesjonell klippar som set saman alle klippa og lagar filmane fine og klare til å publiserast. Før filmane blir publiserte, brukar det også å vere ein lokal premierefest i laget der alle involverte blir inviterte for å bli gjort stas på og for å vere dei første som får sjå det ferdige resultatet. Her kan ein også invitere presse for å få blest om prosjektet. Etter dette blir filmane publiserte på folkepedia.no og Facebook-sida til Folkepedia.