Fagdagane i bunad og folkedrakt
Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Fagdagane er for alle som jobbar med, eller er interessert i folkedrakt og bunad.
Kvart år inviterer vi til faglege seminar med ulike tema relatert til bunad. Seminara inneheld som regel aktuelle foredrag og kurs, kulturelt innslag og festmiddag.
Fagdagane i bunad og folkedrakt 2023
Mandag 25. september kl 14.00 til tirsdag 26. september kl. 15.00.
Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Tema for året er perler i bunad og folkedrakt, nasjonalt og internasjonalt.
Fullt program og påmelding finn du her: Norges Husflidslag