logo  
  meny  
  meny  
:: Kontakt    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Norske kulturbygg

Norske kulturbygg (Nk) er ein sjølvstendig, demokratisk organisasjon. Norske kulturbygg er teneste- og samarbeidsorganisasjonen for lagsbruka i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag og for ungdomshusa (ungdomslag med hus) i Noregs Ungdomslag.

”Vi skal vere best på å gje folk i by og bygd det gode organisasjonseigde kulturbygget. Ein trygg, inkluderande og rusfri samlingsstad for alle.” (Nk sin visjon).

Lagsbruka (forretningsdrift) og dei to landslaga NU og NM er direktemedlem i Norske kulturbygg. Alle ungdomslag og fylkeslag i NU som eig eller er medeigarar av ungdomshus/samfunnshus eller andre lagshus, er kollektivmedlem i Norske kulturbygg.

Norske kulturbygg er skipar av NOK Nettverk for organisasjonseigde kulturbygg som er med i fagnettverket Utviklingsgruppa for kulturbygg og kulturarenaer, og medlem i NSRM Norsk senter for rusfri miljøutvikling. Gjennom NSRM er Norske kulturbygg medlem av KNIF som har svært gunstige innkjøps- og forsikringsavtaler, og Actis – rusfeltets samarbeidsorgan. Norske kulturbygg er og medlem av Frivillighet Norge, Norsk kulturarv, Fortidsminneforeninga og Nynorsk forum.

Norske kulturbygg har samarbeidsavtale med Noregs Ungdomslag, fleire samarbeidsprosjekt sentralt og regionalt, er rådgjevar i alle husspørsmål for NU sentralt, regionalt og lokalt og fagleg ansvarleg for huskurs i samarbeid med fylkeslaga i NU.

Les meir om våre tenester, organisering, samarbeid, historikk m.v. på vår nettside kulturbygget.no, eller ta kontakt med hovudkontoret til Norske kulturbygg (sjå nedunder).

 

Kontaktinformasjon:

Norske kulturbygg

Postboks 9082 Grønland

0133 Oslo

post@kulturbygget.no

90 20 66 58

kulturbygget.no

 

Dagleg leiar Anders Slaatsveen

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt