logo  
  meny  
  meny  
:: Medlemssørvis    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Medlems- og lagskontingent

Frå og med 2010 er det innført nytt system for medlemskontingenten til NU sentralt, der det er forsøkt tydeleggjort eit klarare skilje mellom kontingent frå medlemmene og kontingent frå laga til NU sentralt.

Kontingent frå medlemmen

Alle som er medlemmer i eit lokallag i Noregs Ungdomslag, må betalt medlemskontingent for å reknast som medlem. Kontingenten er samansett av tre delar:

  • ein sats til lokallaget, fastsett av årsmøtet i lokallaget
  • ein sats til fylkeslaget, fastsett av årsmøtet i fylkeslaget
  • ein sats til NU sentralt, fastsett av årsmøtet i NU

Den samla kontingenten blir krevd inn av lokallaget, som betalar vidare til fylkeslaget og sentralleddet den delen dei skal ha. 

Kontingentsatsen til NU sentralt for 2010  er kr 180 for medlemmer over 26 år og kroner 90 for medlemmer under 26 år.

Kontingent frå laget

Kvart lag betalar kr 1000 i grunnkontingent til NU sentralt. Denne kontingenten inkluderer ingen enkeltmedlemsskap. 

Innkrevjing av kontingenten

Innan 15. februar: Lokallaget held årsmøte, der ei av sakene er fastsetjing av lokallaget sin kontingent for det komande kalenderåret.

Etter årsmøtet: Når årsmøtet har fastsett den lokale kontingentsatsen, må satsen frå fylkeslaget og NU sentralt leggast til, for å finne den endelege kontingenten medlemmene skal betale til laget.

Februar/mars: Medlemmene betalar kontingenten til lokallaget, også den delen som skal vidare til fylkeslaget og NU sentralt.

Innan 1. april: Alle eksisterande medlemmer i laget må vere registert i Webmedlem (NU sitt medlemsregister), slik at NU sentralt kan sende kontingentkrav til lokallaga.

Ca 15. april: Lokallaget mottek krav om å betale inn enkeltmedlemmene sin kontingent til NU sentralt, med betalingsfrist ca 1. mai.

Mai:  Laget mottek medlemskort for dei medlemmene som var registrert i Webmedlem pr. 1 april, og som det er betalt kontingent for. (Dette føreset at laget også har sendt inn årsrapport og signerte medlemslister for året før).  Medlemskortet gjeld for perioden 1.mai til 30. april det påfølgjande året.

Har de spørsmål? Kontakt NU-kontoret, telefon 24 14 11 10

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt