logo  
  meny  
  meny  
:: Medlemss°rvis    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

┼ drive eit ungdomslag

I Noregs Ungdomslag finst det 450 ungdomslag spreidd utover heile landet. Ikkje eitt er likt det andre, og det gjer NU til ein utypisk og spennande organisasjon!

På bygdene møter du det typiske ”laget i bygda” som er involvert i det meste som skjer i lokalsamfunnet, du finn dei små laga med få medlemer og ganske liten aktivitet, du finn ungdomslag med brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år og du møter lag som har spesialisert seg på ein type aktivitet – folkedanslag, teaterlag og barnelag. I byane møter du ofte større lag, bondeungdomslaga (BUL), med særlag innan t.d. teater, bunad, musikk eller folkedans.

Kva er så fellestrekka mellom alle ungdomslaga? Alle laga jobbar med å skape betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Kven som helst kan bli med i eit ungdomslag, ung som gamal. I ungdomslaga er det stort mangfald, og ingen krav om å halde på med ein spesiell type aktivitet. Ungdomslaga skal vere frilynde – altså opne og inkluderande. Ungdomslaga er også tradisjonsberarar og demokratisk oppbygde.

Det finst ikkje noko standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemene alltid har siste ord. Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Eitkvart ungdomslag har lover eller vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget.

Andre nyttige verktøy for deg som er tillitsvald i eit ungdomslag

  • Årsmelding skal leggast fram for årsmøtet i laget. Oppsummerar aktiviteten og engasjementet i laget det føregåande året.
  • Rekneskap frå føregåande år som er godkjent av revisor skal også leggast fram og godkjennast av årsmøtet.
  • Arbeidsprogram eller arbeidsplan blir vedtatt av årsmøtet og fortel kva område og aktivitetar ungdomslaget skal jobbe med det komande året.
  • Budsjett blir vedtatt av årsmøtet og set økonomiske rammer for aktiviteten og engasjementet i laget det komande året.
  • Fråsegn (resolusjon/uttale) blir vedtatt av årsmøtet eller styret i laget og tar ofte for seg laget sitt standpunkt i høve til ei politisk sak.
  • Ungdomslaget har gjerne også andre styringsverktøy som prinsipprogram, langtidsprogram og styringsføresegner.

I laget sit det eit styre som er valt av årsmøtet. Eit vanleg styre er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, studieleiar og gjerne andre personar som har ansvar for eit spesielt arbeidsfelt. Å bli samde om kvar enkelt styremedlem sine primæroppgåver er eit godt tips for at styret skal fungere godt. Har alle like stort ansvar for kvar einaste oppgåve blir ofte ingenting gjort…

Eit godt verktøy for eit ungdomslag er årshjulet. Her kan laget plotte inn viktige gjeremål og aktivitetar for dei komande åra. I januar kallar vi inn til årsmøte, og valnemnda og styret førebur seg på dette. Denne månaden startar kanskje aktiviteten opp i dansegruppa og i ungdomsklubben. I februar blir årsmøtet avhalde og første møtet i det nye styret og i nemndene. I mars startar gjerne førebuingane av program til 17. mai. I april og mai er det dugnad i ungdomshuset osb. Blir alle kjent med årshjulet blir det lettare å planlegge årets gang og sjå samanhengane mellom ulike aktivitetar.

Gjennom å ta verv i ungdomslaga, får du ei unik opplæring i demokrati, leiing og prosjektstyring og får vere med på å skape levande lokalsamfunn.

Organisasjonsopplæringa i NU er under revisjon, og vi vil etter kvart leggje ut det nye materiellet her.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt