logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Kvifor bli medlem?

I Noregs Ungdomslag finst det 450 ungdomslag spreidd utover heile landet. Ikkje eitt er likt det andre, og det gjer NU til ein utypisk og spennande organisasjon!

På bygdene møter du det typiske "laget i bygda" som er involvert i det meste som skjer i lokalsamfunnet, du finn dei små laga med få medlemer og ganske liten aktivitet, du finn ungdomslag med brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år og du møter lag som har spesialisert seg på ein type aktivitet - folkedanslag, teaterlag og barnelag. I byane møter du ofte større lag, bondeungdomslaga (BUL), med særlag innan t.d. teater, bunad, musikk eller folkedans.

Kva er så fellestrekka mellom alle ungdomslaga? Alle laga jobbar med å skape betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Kven som helst kan bli med i eit ungdomslag, ung som gamal. I ungdomslaga er det stort mangfald, og ingen krav om å halde på med ein spesiell type aktivitet. Ungdomslaga skal vere frilynde - altså opne og inkluderande. Ungdomslaga er også tradisjonsberarar og demokratisk oppbygde.

Noregs Ungdomslag er den mest mangfaldige kulturorganisasjonen i landet. Meld deg inn i eit lokallag, eller meld laget ditt inn i landsskipnaden!

10 gode grunnar til å vere medlem

1. Attraktiv

Noregs mest spennande og mangfaldige kulturorganisasjon.

2. Lokal

450 ungdomslag kjempar for fantastiske lokalmiljø landet over.

3. Generasjonsglad

Barn, ungdom, vaksen og godt vaksen i lag? Ja visst, i Noregs Ungdomslag så!

4. Teaterentusiast

Noregs største amatørteaterorganisasjon med over 150 grupper. Stor spennvidde, nyskapande og med høg kvalitet.

5. Folkedansfantast

Noregs største folkedansorganisasjon med over 300 grupper. Fagleg kvalitetsleverandør innan bygdedans, runddans, turdans, songleik, songdans og moderne dans.

6. Aktuell

Politisk engasjert – verdiorientert lokalt og nasjonalt.

7. Frilynd

Fri tanke, optimistisk menneskesyn, inkluderande, open og romsleg.

8. Tradisjonsberar

Tar vare på og utviklar den norske folkelege kulturen.

9. Utypisk

Ungdomsklubb, bunadkurs, dataparty, teatersport, basar, salsa, bygdefest, idrett og kor – gjerne i eitt og same ungdomslag.

10. Frivillig

16 500 medlemmer som står på for å skape gode miljø i by og bygd.

 

Medlemsfordelar

Ved framvvise medlemskortet ditt i Noregs Ungdomslag, kan du få følgjande fordelar

20 % rabatt på Comfort Hotel Saga, Tromsø.

Gode rabattordningar på alle Best Western hotell i Noreg, som mellom anna inkluderar Bondeheimen i Oslo og Hordaheimen i Bergen.

20 % rabatt på Det Norske Teatret i Oslo.

Rabatt på eit utval Kaffistover.

I tillegg får medlemene medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar.

 

Innmelding

Ta kontakt med ditt lokale ungdomslag eller med NU-kontoret.

Oversyn over lokallag .

Les meir on innmelding av lokalag.

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt