logo  
  meny  
  meny  
:: Opplæring/Kurs    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Organisasjonsopplæringa i NU

Som medlem og tillitsvald i eit ungdomslag blir du kjent med mange av sidene ved å drive ein organisasjon. Å sitje i eit styre, delta på årsmøte eller drive ein aktivitet kan vere utfordrande – men gjennom det praktiske arbeidet lærer du samtidig mykje om alt frå demokrati og økonomi til leiing og marknadsføring. Men av og til treng ein påfyll av organisasjonskunnskap.

Mange av fylkeslaga i Noregs Ungdomslag har kurs i ulike organisasjonstema: Korleis bli ein betre tillitsvald eller leiar, korleis profilere aktiviteten og meiningane våre, praktisk lagsdrift, motivasjon, prosjektstyring, økonomi, støtteordningar… Dette er grunnleggande kurs som kan utgjere forskjellen mellom eit godt, kunnskapsrikt styre og eit middelmåtig styre.

På sentrale tilskipingar kan ein fordjupe seg innan visse organisasjonstema ved å delta på fagseminar. Dei seinare åra har NU tilbydd fagseminar i m.a. media, rolla som ressursperson og i korleis å bli proff amatør.
Tillitsvalde i fylkeslag kan òg delta på Sats ungt!, og lære meir om det å arbeide for og med barn og unge. Ungdom kan bli med på Med fri(lynt)e tøyler, der ein lærer å starte opp og drive aktivitetar i ungdomslaget. NU hjelper også med å skaffe lærarar og kursmateriell for lag og fylkeslag som vil halde kurs.

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt