logo  
  meny  
  meny  
:: Bunad    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Folkedrakt, bunad og rekonstruksjon

Folkedrakt og bunad på same bilete. Fotografert tidleg 1900.

Folkedrakt: Lokalt særmerkte klede som skilde seg frå samtidsmoten, og som var del av ein stadbunden folkeleg draktskikk med sine innarbeidde normer for utforming og bruk av kleda.

Bunad: Klesdrakt som i større eller mindre grad er ei gjenopptaking av lokale folkedrakttradisjonar.

Rekonstruksjon: Eit rekonstruksjonsarbeid inneber ei systematisk gransking av draktskikken frå eit visst område og deretter nøyaktig kopiering av ein drakttype frå same stad, og frå ein viss tidsperiode.

Skilnaden på folkedrakter og bunader ligg mellom anna i bruken. Folkedraktene var brukaren sine vanlege klede med graderingar frå høgtidsklede til kvardagsklede. Bunaden er derimot ei drakt som kjem i tillegg til brukaren sine vanlege klede.

Samstundes som folkedraktene gjekk ut av vanleg bruk utover på 1800-talet, fekk ein etter kvart ei bunadsrørsle med ei medviten målsetjing om å ta opp att og byggja vidare på dei tradisjonelle bygdedraktene. Bunadsrørsla voks fram som ein del av ei breiare nasjonal rørsle. Siste del av 1800-talet var ein tidbolk i soga vår då det var viktig å byggja opp ein nasjonal identitet. Bondekulturen vart sedd på som noko verdifullt og særprega norsk som ein kunne byggja vidare på. I denne samanhengen fekk ein interesse for folkedraktene. Det vart viktig også å kle seg "nasjonalt". Kvinnedrakta frå Hardanger vart særleg populær som nasjonal klednad, og vart karakteristisk nok kalla "nationaldragt". Men den nasjonale symbolverdien kravde ingen streng likskap med den lokale folkedrakta i Hardanger, og stort sett var dei nasjonale "hardangerdraktene" heller frie komposisjonar.

Dei same nasjonale ideane var grunnlaget for det omfattande bunadsarbeidet Hulda Garborg gjorde. Men i dette arbeidet meinte ho det var nyttig å ta opp fleire lokale bygdedrakter enn kvinnedrakta frå Hardanger. Desse presenterte ho i eit hefte, Norsk Klædebunad, som kom ut i 1903, med ei utvida nyutgåve frå 1917. Vår bruk av ordet bunad går attende til Hulda Garborg sin bruk av uttrykket "klædebunad". For Hulda Garborg vart det viktig at bunadene skulle lagast av heimleg vyrke og med tradisjonelle teknikkar. Slik meinte ho til dømes at ullgarnsbroderi høvde betre enn innførte tekstilar i silke og fløyel. Men for at det skulle vera mogeleg å få moderne menneske til å kle seg på "norsk gjerd", måtte bunadene tilpassast etter tidhøvelege mønster. Ut frå ein slik tankegang vart ein del trekk ved bygdedraktene rekna som lite høvelege til å ta opp i ein bunad, medan andre trekk vart spesielt dyrka og vidareutvikla.

Hulda Garborg la grunnlaget for eit bunadssyn som vart ført vidare etter kvart som stadig fleire fekk seg bunad utover i 1920-åra. Ynsket om å finna fram til lokale bunader kom også frå område der det fanst lite bevart folkedraktmateriale, eller frå område der ein meinte det gamle draktmaterialet var lite eigna til å føra vidare i ein bunad. Dermed fekk bunaden ideal som folkedraktene aldri har hatt. Mange av dei broderte livkjolane vart til i denne tida. Ullgarnsbroderiet vart rekna som bort imot obligatorisk på ein bunad, sjølv om folkedraktene hadde lite eller inkje broderi. Der ein ikkje fann broderte klesplagg, tok ein gjerne mønster til broderiet frå putetrekk, rosemåling eller treskurd.

Seinare tiders bunadsarbeid har hatt ei noko anna vinkling: Hovudmålet i vår tid er at bunaden skal vera ein best mogeleg kopi av ei lokal folkedrakt slik ho var i bruk ein viss tidsperiode.

Som utgangspunkt for bunadene har tradisjonane heile vegen spelt ei viktig rolle. Men på kva måte ein har nytta det bevarte draktmaterialet, og kor direkte bunaden er knytt opp til det, varierer med den overordna ideen, anten målet har vore å gjenskapa "nasjonale" klede, "regionuniformer" eller ein bunad som byggjer direkte på lokale drakttradisjonar. Dette er ideologiske omskifte som framleis er avspegla i dei ulike bunadene som er i bruk i dag

(Teksten er henta med løyve frå nettsidene til Bunad- og folkedraktrådet)

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt