logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Teatersørvis

Manusformidling

Noregs Ungdomslag har eit arkiv med over 1000 manus som vi kan låne ut.
Vi gjev også råd om val av stykke og reglar for bruk av manus i amatørteatret.
Noregs Ungdomslag er ein av filialane i DRAMAS, som er formidling av manus via Internett. Klikk deg inn på www.dramas.no for å tinge manus. Du kan òg ringe til NU-kontoret, tlf. 24 14 11 13.
Vi har to manuskatalogar for sal som presenterer ein del av det vi har i arkivet vårt. Sjå NU-butikken.

Instruktørar

Noregs Ungdomslag kan hjelpe dykk med å finne instruktørar til teatergruppa eller til kurs de ynskjer å gjennomføre. Vi har eit stort nettverk av dyktige teaterfolk både i og utanfor Noregs Ungdomslag. Ta kontakt med kulturkonsulent Ida Marie Holmin, tlf. 24 14 11 13 eller ida@ungdomslag.no.

Sminke og anna utstyr

Sminke
Gudbrandsdal Ungdomslag driv Angeli teatersminke og leverer til heile landet via sin internettbutikk på www.angeli.no. Produkta dei sel er gode og trygge for bruk i teatret.

Vi gjev òg råd om kvar de kan skaffe andre ting ein treng i ein teaterproduksjon. Vi set òg pris på å få gode tips frå dykk som vi kan formidle vidare til andre teatergrupper.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt