logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Teaterprosjekt

RIST        


Reiseinstruktør i teaterarbeidet
No kan barne- og ungdomsteatergrupper i Noregs Ungdomslag få besøk av ein instruktør heim til laget sitt. Vi tilbyr alt frå hjelp til å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, kloving, sminke m.m. Det er lenge sidan vi hadde reiseinstruktørar i teater, men framleis er det sterke band mellom teatergrupper som fekk besøk og Noregs Ungdomslag. I 2009 fekk vi stønad frå LNU/Kulturmidlane for å ta opp att arbeidet med reiseinstruktørar. Vi søkte om nye midlar for 2010, men desse blei ikkje innvilga. Nu har alikevel valt å vidareføre prosjektet i 2010, no med ein noko høgare eigenandel for lokallaget.  Vi utviklar eit opplegg tilpassa lokale behov, med barn og unge og deira instruktørar og teaterleiarar som målgruppe.

Vi ber gruppene om sjølv å kome med kursforslag. Det kan vere å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, kloving, sminke m.m.

Teaterrådet i Noregs Ungdomslag er fagleg ansvarleg for prosjektet. Som reultat av prosjektet skal vi lage tipshefter og få betre kunnskap om teaterarbeidet i NU. Det er ein eigendel på kr. 4000,-. Gruppa får då kurs på inntil 12 timar og Noregs Ungdomslag betalar honorar, reise og overnatting til instruktør.

Laga som har vore med er Nordsinni UL, Egdingen, Skare UL, Valderøy UL, Sandeid UL, Lista UL, Blåbyteatret og Nordland Ungdomsfylking. Vi har plass til fleire grupper!

Prosjektleiar på NU-kontoret: Ida Marie Holmin.
Tlf.: 24 14 11 13 (10).

Reiseinstruktørar:
Trine Merete Sjølyst.
Jan Fredrik Grøndal Henriksen

Les artikkel om RIST i Ungdom 3 ((2009) (pdf)

 

Den Mangfaldige Scenen


Den Mangfaldige Scenen er eit prøveprosjekt som Bondeungdomslaget i Oslo, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag har gått saman om.


Målet er å skape eit nytt norsk barne- og ungdomsteater, eit teater som reflekterer mangfaldet i Oslo i dag. Mangfald spelar både på deltakarane sin bakgrunn og på teaterforma. Det vert satsa på å utvikle nye uttrykk, å knyte til seg kunstnarlege rådgjevarar, samarbeide med SFO og ulike ungdomsmiljø. Felles for mange av dei som deltek, er at dei ikkje føler seg tiltrukke av konvensjonelt teater. Institusjonsteatra har fått mykje kritikk for ikkje å rekruttere menneske med ein annan etnisk bakgrunn enn norsk, og å kome til kort når det gjeld å vinne nytt publikum. Det manglar rollemodellar og arenaer som kan motivere fleire til å ta del i teater. Difor er det svært spanande at prosjektet er eit samarbeid mellom Noregs Ungdomslag, eit lokallag og ein profesjonell teaterinstitusjon.


Fram til 2010 er det eit mål at 150 barn og unge kunstnarar med ulik kulturell bakgrunn skal finne vegen til det nye tiltaket og lokala til Bondeungdomslaget i Oslo.

 

Prosjektet vert lagt merke til!

 

Familie og kulturkomiteen i Storinget har behandla scenekunstmeldinga "Bak kulissene" 19.2.2009. Den mangfaldige scenen har fått følgjande omtale (utklipp frå innstillinga):

"2.5.1 Mangfold

---

Komiteen vil særlig peke på Den Mangfoldige Scenen (DMS) - av flere karakterisert som et av de mest spennende prosjektene i tilknytning til markeringsåret for kulturelt mangfold. DMS er det største barne- og ungdomsteaterprosjektet i sitt slag i Norge, og er et samarbeid mellom om lag 150 barn og unge og 20 kunstnere. Hovedmålet er skape kunst i møtet mellom barn og unges egne kulturuttrykk og kulturarv. Et bredt antall organisasjoner og institusjoner står bak prosjektet, som i første omgang skal gå frem til 2010.

Etter komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstres mening bør dette og tilsvarende prosjekter fortsatt være satsingsområder i tiden som kommer."

 

Artiklar/informasjon om prosjektet

 

mordatter.mindre.jpg 300x285

Foto: Tori Flaatten Halvorsen

Internasjonal scene: Noreg/Estland

Saman med teaterorganisasjonen i Estland, Eesti Harrastusteatrite Liit, har Noregs Ungdomslag laga eit hefte med ein demonstrasjons-DVD om teater og demokratiarbeid på tvers av landegrensene. Materiellet "The internationel stage 2002-2004" inneheld omtale om samarbeidet, teater- og diskusjonsøvingar. Materiellet vil bli sendt ut til aktive teatergrupper i Noregs Unggdomslag og Eesti Harrastusteatrite Liit. Dei som har jobba med prosjektet i begge organisjonane håpar det kan inspirere til at fleire finn seg teatervener i andre land. Prosjektet er støtta av LNU (Landsrådet for Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar). Dersom du er interessert i prosjektet og DVDen som er laga, ta kontakt med Ida Marie Holmin på NU-kontoret: ida@ungdomslag.no eller telefon 24 14 11 13.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt