logo  
  meny  
  meny  
:: Teater    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Teateropplæring i NU

Instruktøropplæring

Opplæringsmodellen i Noregs Ungdomslag avspeglar heile læringsprosessen. Frå teateraktivitet lokalt går ein vidare med regionale og sentrale kurs. Teaterrådet i Noregs Ungdomslag og Teaternemndene i fylkeslaga samordnar og organiserer kurs.

Den grunnleggande opplæringa i teater skjer lokalt i medlemslaga gjennom aktivt teaterarbeid. Mange lokallag skipar sine eigne kurs.

Noregs Ungdomslag har lang erfaring i å tilby instruktøropplæring. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i det teater vi driv i organisasjonen. Gjennom opplæringa vil vi utvikle instruktørar med brei kunnskap og innsikt i aktiviteten i frivillige lag, som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg.


Instruktørkurs
modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Kursa skal gjennomførast kvart år og ein kan ta modul 1 og 2 i kva rekkefølgje ein ønskjer.

 

Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet.

 

Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må sjølv ha delteke i og gjerne ha hatt noko ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel for deg om du har gått andre teaterkurs.

 

Modul 1 (vår)

Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Deltakarane får kunnskap og øving i å leie og arbeide teaterfagleg med ei teatergruppe, planlegge og gjennomføre øvingar, pedagogikk og eit repertoar av metodar og øvingar for instruksjon og arbeidet med ein produksjon.   

 

Modul 2 (haust)

Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å sette historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning.

 

Fordjupingsarena

NU tilbyr fordjupingskurs for påfyll og spesialisering m.a. på fagseminara og instruktørsamlingar.

 

Last ned brosjyre for instruktørkurs 2010

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt