logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Nordlek

Kva er Nordlek?

Noregs Ungdomslag er med i det nordiske samarbeidet Nordlek, som
ein av 23 nordiske organisasjonar og den einaste norske organisasjonen.

Nordlek-samarbeidet femnar om dei store Nordlek-stemnene som vert skipa til kvart tredje år, Barnlek-stemner for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemner som Isleik og Havleikur, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.

 

Nordleik.jpg 231x186

 

Dette skjer:

12.-14. november 2010: Seminar om nordisk musikk og dans (Steinkjer)

100 unge folkedansinstruktørar frå heile Norden blir invitert til å:

- Finne dei felles verdiane for nordiske dansarar og dansespellmenn, slik at vi finn en
plattform som kan føre til at dansen og musikken får ein meir solid posisjon i kvart land.

- Diskusjon rundt kva som skal til for at du og di gruppe eller ditt lag skal komme på ein
nordisk folkedans og -musikkfestival, slik som for eksempel Nordlek.

- Presentasjon av program, med ønske om innspel, for Nordlek som skal arrangerast i Steinkjer 10.- 14. juli 2012.

26.-27. november 2010: Nordisk Folkekulturkongress (København)

Tema: Folkedans i skolen

Utdrag frå invitasjonen:
"Hvem skal føre våre runer når vi selv ei må?" synger vi i en nordisk middel-alderballade i variant fra Telemark. Hvem skal videreføre kulturarven vår når vi selv ikke kan gjøre det?

Hvem har ansvaret for vår kulturarv? Materiell kulturarv blir forvaltet gjennom lovregulert bygningsvern, forskrifter for fornminner, etc. Folkedansen er i en annen kategori. Den er avhengig av å bli brukt for at den skal kunne føres videre til nye generasjoner.

Folkeskolen har et medansvar samtidigt med, at folkedans kan være en værdifuld aktivitet, som kan bruges i skolen til at nå faglige mål.

Kongressen tar sikte på å skape en møteplass for kunnskapsutveksling og debatt mellom interesserte både i offentlig og frivillig sektor.

Les meir

 

12.-13. februar 2011: Instruktørseminar i nordiske balldansar (Oslo)

På dette seminaret kan du lære dei ulike dansane som vil bli dansa på Ballet under Nordlek i 2012. Teknisk arrangør på vegne av Nordlek 2012/Noregs Ungdomslag er Leikarringen i BUL Oslo.
Berit og Folke Flateland, Torunn og Dag Vårdal, Gerd og Erik Hestnes, Kjell og Alfhild Klausen, samt Tove og Kenneth Fosserud blir sentrale ressursar under seminaret.

Last ned førebels invitasjon

13.-17. juli 2011: Barnlek i Skive (Danmark)

Noregs Ungdomslag oppmodar alle dansegrupper, familiar og andre til å reise på Barnlek i Skive. Her søv ein på sovesal, deltar på aktivitetar, dansar heile natta og blir kjent med mange nye vener frå heile Norden! Meir informasjon kjem etter kvart.

I mellomtida kan du lese om stemnet her.

Informasjon om Barnlek 2011 frå arrangør i Danmark

Informasjon om Barnlek 2011 frå Noregs Ungdomslag

10.-14.juli 2012: Nordlek (Steinkjer)

dsc_1005.jpg 300x200

Dansarar og spelmenn ønskjer deltakarane på Nordlek 2009 velkomne til Nordlek 2012 i Steinkjer med ein Rørospols og ein Innheredspols. Foto: Synnøve Jørgensen

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt