logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Feleknappen og spelmerket

Feleknappen og spelmerket er Noregs Ungdomslag sine dugleiksmerker i godt dansespel. Om du har lyst å spele opp, er det berre å sende namn, adresse og repertoarliste til Noregs Ungdomslag. Oppspelinga skjer kvart år under Folkekulturfestivalen.

Krav til feleknappen

Feleknappen er Noregs Ungdomslag sitt dugleiksmerke for godt og variert dansespel på fele og hardingfele. Feleknappen kan takast i bronse, sølv og gull.

Bronse
For å spele opp til bronse må du kunne spele minst 15 tradisjonelle danseslåttar frå det distriktet du naturleg føler deg knytt til. Du skal òg kunne 10 slåttar fordelt på dei tre ulike gruppene turdans.

Sølv
Til sølv må du kunne 25 tradisjonelle danseslåttar frå distriktet, både runddans (vals, reinlender, polka, masurka) og bygdedans. I tillegg kjem 25 slåttar fordelt på alle 5 gruppene av turdans.

Gull
Først når du har felemerket i sølv, kan du spele opp til gull, og du må då utmerke deg med særleg god danserytme og uttrykk i spelet. Repertoaret må være 30 slåttar av kvar.

Krav til spelmerket

Spelmerket har ingen gradering i bronse, sølv og gull, slik som Feleknappen. Krava til Spelmerket for einskildspelemenn er dei same som til Feleknappen i sølv, med den skilnad at deltakarane her spelar opp på andre instrument, som t.d. trekkspel eller klarinett.

Også folkemusikkgrupper på 2-5 personar kan også spele opp til Spelmerket. Då er kravet til repertoar som til Feleknappen i bronse. Dei musikalske krava er likevel som til Feleknappen i sølv. I tillegg blir det lagt vekt på godt rytmisk samspel. Folkemusikkgruppene må ha fele(r) som eit sentralt instrument. To trekkspel fell altså utanfor Spelmerket. Det er ikkje krav om spel av bygdedans til Spelmerket.

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt