logo  
  meny  
  meny  
:: Barn og unge    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

NU sin Sommarleir

Mandag 4. juli - torsdag 7. juli 2011 er du velkomen til Noregs Ungdomslag sin sommarleir. Les meir på heimesidene til sommarleiren på www.sommarleiren.no

solgunn.jpg 300x295

Få årets oppleving på Sommarleiren i Bodø! Sommarleiren er for ungdom mellom 14 og 26 år som likar å halde på med teater, dans og musikk. Vi har masse supre kurs, spreke lærarar og eit trygt og oppfinnsamt miljø. 

Her er kursa frå sommarleiren i 2010, som fant stad i Bergen:

Dans med driv
Å danse kan ein samanlikne med å føre ein samtale med mange på ein gong - med kroppen og gjennom musikken. I pardans "snakkar" ein til dømes med dansepartnaren, resten av dansarane på golvet og ikkje minst spelemannen. Om ein er på ei scene kjem publikum også til. På dette kurset vil du lære meir om: Når er dialogen best? Korleis få dette til?

Du vil også få lære bygdedans og runddans, samt delta på kortkurs i andre dansetypar og danseuttrykk.

Lærar: Martin Myhr og Anna Öberg. Spelemann: Erlend Viken

Spel og sprell
Dansespel er annleis enn å spele til konsert, men kvifor? Å spele til dansarar er som å føre ein samtale. Samtalen går ikkje berre med dei andre musikarane, men også med dei som dansar. Korleis får ein dette til? På dette kurset vil du lære mykje om samspel og dansespel, samt slåttar frå Trøndelag og Hordaland. I tillegg vil du lære triks som gjer deg tryggare på scena.

Lærarar: Lajla Storli og John Ole Morken

Teater med trøkk
På teaterkurset skal vi jobbe med å ha speleglede, å formidle ein bodskap og å vere trygg på scena. Om vi jobbar med ein sketsj, ein song eller eit alvorleg tema må vi vere engasjert og ha noko å fortelje. De får lære skodespelarteknikk og improvisasjon. På kurset blir det også mykje fokus på bruk av song, musikk og koreografi - for å skape teater med trøkk! Kurset blir lagt opp med mykje variasjon og passar for alle uansett erfaring med teater.

Lærar: Lina Synnøve Killingdalen

VELKOMMEN!

 

Litt histore:
Startskotet til den landsomfattande ungdomsringen gjekk med prosjektet ”Frå halling til hip-hop” som blei gjennomført på landsstemnet i Asker i 2001, med om lag 80 folkedansande ungdom. Ungdomssamlinga blei kalla Noregs Ungdomsring (NUR) og arrangert i dagane i framkant av Folkekulturfestivalen.  I 2008 blei NUR-samlinga utvida med tilbod innan teater og folkemusikk.

I 2010 blir Folkedansfestivalen arrangert for første gong, og NUR skiftar namn til Sommarleir.

Tidlegare samlingar i NUR:
Hamar 2009 - Lillesand 2008 - Oslo 2007 - Hilmarfestivalen i Steinkjer 2006 - Trondheim 2006 - Kirkenes 2005 - Vågå 2004 - Ringebu 2003 - Beitostølen 2002 - Asker 2001

Sjå oversikt over ungdomsringar/ungdomsgrupper i Noregs ungdomslag

Bilete frå tidlegare leirar:

leik-web.jpg 300x97

dans.jpg 300x201

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt