logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Arts (CIOFF)

CIOFF Noreg

Noregs Ungdomslag administrerer CIOFF Noreg, den norske avdelinga i CIOFF - nettverket.

Dette vil seie at vi mottar ein del informasjon frå utanlandske festivalar, folkedansgrupper og sektorar i CIOFF. Dette prøver vi å formidle vidare til interesserte.

Ønskjer du å få vidaresendt informasjon - KLIKK HER (skriv CIOFF i emnefeltet). Tenesta gjeld for medlemmer og medlemslag i Noregs Ungdomslag og Folkemusikk og folkedansorganisasjonen i Noreg.

Les meir om CIOFF her

 

banner-5pict-9.jpg 300x55

Kva er ein CIOFF-festival?

At ein festival er tilknytta CIOFF-nettverket vil seie at festivalen, på visse premisser, tar imot folkedansgrupper som kan syne fram tradisjonelle folkloreframsyningar frå sine land.
I nettverket finnes 380 festivalar over heile verda!

Ein CIOFF-festival sørger for
- overnatting
- 3 måltider om dagen
- reiseutgifter innanlands
- tilbod om sosialt samvær med dei andre deltakarane på festivalen
- framsyningsoppdrag (kan vere på TV eller kjøpesentre og er ei viktig inntektskjelde for arrangør. Ingen godgjersle til deltakarane for dette)

Dansegruppa må sjølv betale
- reiseutgifter tur/retur til grensa i det landet festivalen blir arrangert

 

banner-5pict-14.jpg 300x55

Korleis kan dansegruppa vår delta på ein CIOFF-festival?

For å delta på ein CIOFF-festival må ein bli plukka ut av festivalen. Nokre gonger er det slik at CIOFF-festivalar søker spesielt etter norske deltakargrupper, gjerne på epost til CIOFF Noreg (Noregs Ungdomslag). Elles har CIOFF eit system for utveksling av grupper. På heimesida til CIOFF kan du finne liste over alle festivalane. Plukk deg ut ein festival og kontakt den nasjonale avdeling i det landet festivalen er. CIOFF Noreg kan hjelpe deg å finne kontaktinfo og legge inn ei anbefaling om dykkar gruppe. Presentasjonen må de lage sjølv. Les først Guidlines for groups, men her er nokre råd:

DVD-film
Dei fleste festivalar vil ha tilsendt DVD-film der dansegruppa syner: dans, musikk, bunad, tradisjon osb. Hugs at festivalane innanfor CIOFF er folklore-festivalar som er opptatt av kvalitet, scenisk utstråling og det å vise fram "ekte tradisjon". Når de skal lage film bør de tenkje på:

Musikk
Det er kjempeviktig at musikken held god kvalitet både lydmessig, musikalsk og i forhold til dialogen med dansarane. I denne samanheng er levande musikk eit absolutt krav. Musikken bør vere ein integrert del, og ha stort fokus i framsyninga. Ein bør også vise musikarane fram på filmen.

Dansekvalitet
Filmen må vise god dansekvalitet. Ha dei beste dansarane i fokus. Her bør kvalitet gå framfor sosiale omsyn. Øv mykje slik at dansarane er sikre på kva dei skal gjere, er frie i forma og trygge i situasjonen. Bruk gjerne dei første filmopptaka som eit reiskap i denne prosessen, slik at dansarane får sjå seg sjølv som dansarar og som utøvarar (utstråling og energi).

Danseprogram
På CIOFF-festival er det viktig å presentere norske dansetradisjonar, gjerne lokale dansetradisjonar. Bruk dansar som er du veit er ein dokumentert del av norsk tradisjon. Er du i tvil; ta gjerne kontakt med Noregs Ungdomslag eller Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Bruk dansar de kan godt, og sett dykk inn i tradisjon og opphav. 

I norsk folkedansmiljø har vi ingen stor tradisjon for sceniske produksjonar innan folkedans, men syner heller folkedansen fram som ei sosial samværsform utan større tilpassingar til scena. Skal ein bli plukka ut av ein CIOFF-festival må ein syne eit program som er tilpassa scenisk bruk og henvender seg til eit publikum. Tenk at overgangane mellom dansane skal vere gode, innøvde og sjå smidige ut. Få gjerne hjelp av ein koreograf eller andre med kompetanse innan scenekunst.

Tradisjonell folklore
CIOFF-festivalane vil sjå og lære om norsk danse- og musikktradisjonar, samt om bunadstradisjonar. Hugs at det gruppa di presenterer blir ei sannheit for publikum. Gruppa bør derfor vere bevisst sine val og ha respekt for tradisjonen.

Komersialisering
Fleire og fleire festivalar er avhengige av sponsorar, noko som kan føre til at vi som amatørgrupper frå Noreg føler oss litt små mellom store produksjonar og sceniske show. Hald ut! Norske dansetradisjonar er tradissjonell folklore med god kvalitet - heilt etter festivalane sin bestilling.

Les CIOFF sin eigen info her.

 

 

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt