logo  
  meny  
  meny  
:: Opplæring/Kurs    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Instruktøropplæring

Teater og folkedans

Noregs Ungdomslag har lang erfaring i opplæring av instruktørar. Instruktøropplæringa tek utgangspunkt i folkedans- og teaterarbeidet som vert drive i organisasjonen. Gjennom opplæringa utviklar vi instruktørar med brei kunnskap om og innsikt i aktiviteten i dei lokale laga, som vil lære meir og som vågar å stille krav til kvalitet og sjølv å strekke seg kunstnarleg.

I 2011 arrangerer vi:

Oslo, 1, 2 og 3. april 2011: kurs, modul 1

Påmeldingsfrist: 10. mars
Kursstad: Handsverkaren i Oslo og Teatersalen til BUL Oslo

Oslo, 14, 15 og 16 oktober 2011: kurs, modul 2

 

nb! kursa starter fredag morgon kl. 0900!
Ein kan ta modul 1 og 2 i den rekkefølgja ein ønskjer.


Kursavgift: 1500,- per modul (medlem)/2300,- per modul (andre). Inkl. kurs, lunsj og pausemat.
(For tips om hotell/pensjonatovernatting i Oslo: ta kontakt med NU-kontoret.)

Last ned påmeldingsskjema her

Last ned brosjyre for instruktøropplæringa i NU her

Instruktørkurs TEATER

Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori. Målet med opplæringa er å gje deltakarane eit solid grunnlag for instruktøroppgåva, både med omsyn til å leiarrolla og det teaterfagleg arbeidet.

Grunnkompetanse for å starte på opplæringa er eiga teatererfaring. Du må ha delteke i og gjerne ha hatt ansvar i fleire teaterproduksjonar. Det er også ein fordel om du har gått andre teaterkurs.

Modul 1: Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Deltakarane får kunnskap og øving i å leie og arbeide teaterfagleg med ei teatergruppe, planlegge og gjennomføre øvingar, pedagogikk og eit repertoar av metodar og øvingar for instruksjon og arbeidet med ein produksjon.

Lærar på modul 1: Therese Kinzler Eriksen

Therese Kinzler Eriksen har brei erfaring i arbeid med amatørar og profesjonelle,
som instruktør, kurslærar og pedagog. Ho har utdanning både i musikk og teater med fordjuping
m.a. i dramaturgi. Ho har turnert som musikar, forteljar og skodespelar på teaterfestivalar, Den kulturelle skulesekken og Rikskonsertane Instruktørkurs i teater er i hovudsak praktiske kurs i instruksjon og regi med noko oppgåveløysing og teori.

 

Modul 2: Kurset skal gje grunnleggande innsikt i å setje historier i scene. Deltakarane får kunnskap både i tekstanalyse og korleis ein nyttar improvisasjon og handlingsbaserte, fysiske metodar for å analysere og sette tekst i scene, eller skape nye historier, tekst eller framsyning.

 

Instruktørkurs NORSK FOLKEDANS

Instruktørkurs modul 1 og 2 er i hovudsak praktiske dansekurs med noko gruppearbeid og teori. Målet med opplæringa er å bli gode danseførebilete, bli kjent med grunnreglar og prinsipp for formidling og læring, samt kunne løyse teoretiske og praktiske oppgåver knytt til det å leie ei gruppe.

Grunnkompetanse for å starte opplæringa er å ha gjennomført helgekurset Grunnleggande instruktørkurs, folkedans eller ha tilsvarande erfaring/kompetanse. Desse kursa blir arrangert av fylkeslag eller lokallag rundt i heile landet.

instruktordans.jpg 300x109

Modul 1: Kurset vil ha instruktørrolla som hovudfokus. Målet er at deltakarane skal få kunnskap om gruppeleiing, læring, formidling og dans/rørsle.

 

 

 

Lærarar på modul 1: Endre Kleiveland og Anna Öberg.
Spelemann: Erlend Viken

Endre er aktiv instruktør og politikar innanfor NU. Profesjonell danseinstruktør og er mellom anna lærar på Norsk folkelig dans ved NTNU VIDERE.

Anna er profesjonell folkedansar og samtidsdansar, kjend frå mellom anna dansegruppa STHLM Moves. Ho er i tillegg dansepedagog med utdanning frå Danshögskolan i Stockholm. Anna var lærar på Sommarleir 2010.

Erlend er profesjonell folkemusikar og kjend frå mellom anna Earlybird Stringband (nominert til Spellemannspris 2010!). I tillegg er Erlend ein fantastisk dansespelmann og pedagog. Erlend var spelmann på instruktørkurs modul 2, 2010.

 

Modul 2: Dette kurset vil ha dansaren i hovudfokus. Målet er at deltakarane skal bli gode danseførebilete og medvitne om eigen dansestil og teknikk.  

FORDJUPINGSKURS

NU tilbyr fordjupingskurs for påfyll og spesialisering i teater og folkedans. Tema kan til dømes vere turdans og songdans, bygdedans, skodespelarteknikk, revy og lyd/lys.

NU treng samarbeidspartnarar. Ta kontakt om du har lyst til å arrangere kurs!

 

 

 

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt