logo  
  meny  
  meny  
:: Folkedans/-musikk    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Folkedans i Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag arbeider med folkedans fordi vi vil ta vare på, vidareføre og levandegjere den norske folkedansen.
Utan at nokon tar vare på den tradisjonelle folkelege dansen i Noreg forsvinn han. Noregs Ungdomslag arbeider derfor fagleg med norsk folkedans. NU er den einaste organisasjonen som utdannar instruktørar innan norsk folkedans. Sjå instruktørmodellen.

Vi har over 300 dansegrupper tilslutta Noregs Ungdomslag som medlemmer. Dei har som regel øvingar kvar veke, og kallar seg ofte leikarringar. Det finst vaksengrupper, ungdomsringar og barneleikarringar.

Forskarane reknar med at vi har seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: Bygdedans, runddans (gamaldans), turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Noregs Ungdomslag arbeider som den einaste organisasjonen i landet fagleg og politisk med alle desse danseformene.
Les meir om danseformene i Noreg.

I tillegg til å ta vare på gamle dansar og danseformer arbeider også NU aktivt med å finne ei ny form for å gjere gamle danseuttrykk lettare tilgjengeleg for eit moderne publikum på scenen. Dette er utfordrande sidan estetikken i dei gamle dansane nok låg i samdans mellom dansarane, og i svært liten grad mellom dansarar og publikum. Dette er eit nybrotsarbeid som Noregs Ungdomslag meiner er nødvendig for å nå nye publikumsgrupper, og eit arbeid som går parallelt og i tillegg til å ta vare på dei gamle formene.

Her må vi legge til at heilt sidan Hulda Garborg og Klara Semb på byrjinga av 1900-talet starta arbeidet med norsk folkedans, har folkedansgrupper medvitne arbeidt for å vise fram folkedansen.

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt