logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Arbeidsprogram 2009 - 2010

Arbeidsprogram for perioden 2011-2012

VISJON: Noregs Ungdomslag skal kjenneteiknast av aktive inspirerte medlemmer som opplever eit lokallag som tar vare på og utviklar sine medlemmer fagleg, sosialt og organisatorisk. 


Organisasjon

Noregs Ungdomslag skal vere ein samla organisasjon. For å vere ein organisasjon med  stolte medlemmer, levekraftige lokallag, vitale fylkesledd og eit ressurssterkt sentralledd, treng ein eit systematisk fokus på organisasjonsbygging:

Medlemstalet skal aukast med 10% innan utgangen av planperioden.

1.     Rekruttere minst 10 lag, som ikkje er knytt til annan sentral organisasjon, kvart år.

2.     Auke talet på medlemmar med fleirkulturell bakgrunn.

3.     Arbeide for at medlemslag ikkje vert lagde ned eller melder seg ut av Noregs Ungdomslag.

 

NU skal ha gode system for rapportering og kontakt med lokallaga, slik at alle lokallag oppfyller lagsdefinisjonen i lova til NU.

4.     Utarbeide system som gjer at alle aktive i organisasjonen blir registrert som medlemmar.

5.     Utarbeide og sende ut årshjul for lokallaga sin kontakt med organisasjonen.

6.     Jobbe for ei betre og meir brukarvennleg heimeside

 

Alle lokallag i Noregs Ungdomslag skal ha eit velfungerande regionlag.

7.     Synleggjere forventningane til fylkeslaga .

8.     Noregs Ungdomslag skal sette av ressursar i form av tid og personar som kan arbeide vidare med etablering av samarbeidsstrukturar og/eller samanslåing av fylkeslag.

9.     Vurdere moglegheitene for å halde ekstra fylkeslagssamlingar.

 

Systematisk opplæring av tillitsvalde på alle nivå i organisasjonen.

10.   Alle tillitsvalde skal få tilbod om organisasjonsopplæring.

11.   Systematisk skulering av fylkeslaga.

12.   Utarbeide strategi for organisasjonsopplæringa i organisasjonen.

13.   Alle medlemmar skal få tilbod om opplæring innanfor sit interessefelt.

 

NU skal være ein viktig kulturpolitisk aktør

  1. Arbeide for auka stønad til folkedansarbeidet i organisasjonen.
  1. Vere ein meiningsberar i kulturpolitiske spørsmål.

 

NU skal videreutvikle lagshusa som sentrale møteplassar i lokalsamfunna

  1. Arbeide for betre rammevilkår for drifta av ungdomshusa

 

Barn og unge

Barn og unge skal finne eit trygt og inkluderande miljø i Noregs Ungdomslag.  Dei yngste medlemmene skal få auka medverknad i organisasjonen både lokalt og sentralt.

1.     Arbeide for å auke frifondmidlane til lokallaga ved å jobbe for ein betre fordelingsmodell, og for at rammene totalt blir auka.

2.     Arbeide for å verve og  registrere dei aktive i laga under 26 år som medlemmar.

3.     Bruke dei unge medlemmene aktivt i organisasjonens i lobby- og synleggjeringsarbeid.

4.     Sette fokus på demokrati- og organisasjonsopplæring for barn og unge og skipe til skreddarsydde organisasjonskurs for desse.

5.     Arbeide for å sette laga som driv ungdomsklubb i kontakt med kvarandre og syne at ungdomsklubb i NU er ein plass å gjere, ikkje berre ein plass å vere.

6.     Ha sterkare fokus på rekruttering av barn og ungdom til lokallaga, og som tillitsvalte i lokal- og fylkeslag.

7.     Saman med dei andre andre råda vere med på å vidareutvikle sommarleiren i NU til å bli ein viktig møtestad for ungdom

8.     Fungere som eit bindeledd mellom ungdomsringane og det sentrale NU og ha ansvar for kontakt og oppfølging av ungdomsringane.

 

 Folkedans

Folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag skal vere prega av at lokale og nasjonale aktørar utforskar nye dansearenaer, både sosialt og scenisk.  Vi skal vere spesielt nyfikne på våre nye dansekulturar, og gjennom neste periode skal det trekkast nye liner for kva som kan kallast norsk folkedans.

1.     Gjennomføre samarbeidsprosjekt med Rådet for folkemusikk og folkedans      

2.     Vidareutvikle Sommarleiren i NU til å bli ein viktig møtestad for ungdom med interesse for folkemusikk og folkedans

3.     Marknadsføre instruktøropplæringa i folkedans

4.     Auke deltakinga på instruktøropplæringa i folkedans

5.     Gjennomføre kurs for lærarar og aktuelle instruktørar i organisasjonen knytt til prosjektet "Danselyst"

6.     Gjennomføre nordisk prosjekt med framsyning under Nordlek 2012

7.     Samarbeide med Stiftelsen Hilmar Aleksandersen om førebuing til Nordlek 2012 i Steinkjer

8.     Synleggjere kor viktig folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag er overfor andre organisasjonar og styresmakter

9.     Utarbeide ein folkedanspolitisk plattform

10.   Vidareføre prosjektet Folkedansfeber i regionar som skal ha Bygda dansar-prosjekt

11.   Viderutvikle folkedansfestivalen og etablere eit varemerke som den beste folkedansarenaen i landet

 

Teater

Det sceniske uttrykket i amatørteatret skal spegle mangfaldet i samfunnet. Alle som vil skal kunne bidra i teaterarbeidet på sine premissar med sine ressursar. Nettverket mellom lokallaga skal styrkast slik at lokallaga kan dra nytte av den totale kompetansen organisasjonen forvaltar.  Noregs Ungdomslag skal ha fokus på kvalitet i teaterarbeidet.

  1. Styrke instruktørkompetansen i organisasjonen ved å gjennomføre instruktøropplæring.
  1. Auke kursverksemda i organisasjonen. Dette vil vi oppnå gjennom å skipe til sentrale kurs og gjennom samarbeid med lokal- og fylkeslag.
  1. Vidareutvikle Sommarleiren i NU til å bli ein viktig møtestad for ungdom med interesse for teater.
  1. Synleggjere kor viktig teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag er overfor andre organisasjonar og styresmakter.
  1. Gjennomføre Norsk Amatørteaterfestival i 2011 saman med Det Norske Teatret. I samband med festivalen skal det gjennomførast minst eit prosjekt som utfordrar oss fagleg. Deltakinga frå lokallag skal aukast og festivalen skal bli meir synleg.
  1. Gjennomføre tiltak der inkludering og auka mangfald står sentralt, m.a. gjennom å delta i arbeidet med Den Mangfaldige Scenen.
  1. Arbeide for utviklinga av ny norsk dramatikk og scenisk uttrykk med utgangspunkt i folkedans og folkemusikk.
  1. Auke lokallaga sin bruk av vaksenopplæringsmidlar i teaterarbeidet.
  1. Gjennomføre teaterfaglege samarbeidsprosjekt med eit eller fleire lokallag.
  1. Vidareføre satsinga på reiseinstruktør i teaterarbeidet.
  1. Utvikle materiell for bruk i det lokale teaterarbeidet.
  1. Være ein aktiv samarbeidspartnar i paraplyen Norsk Teaterråd og spesielt fokusere på korleis amatørteater kan løftes organisatorisk på regionalt nivå.

 

Bunad

Bunadsmiljøet i Noregs ungdomslag skal vere spennande, mangfaldig og inkluderande. Vi skal halde fram arbeidet med bunadsopplæringa og gje grunnkunnskap til nye og gamle tradisjonsberarar. 

1.     Fokusere på bunadbruk på alle arenaer/møteplassar i organisasjonen.

2.     Være tilstades på arenaer for handverk og bunad og jobbe tett opp mot dei andre interesserorganisasjonane.

3.     Opprette eit webbasert nettverk for alle bunadinteresserte i organisasjonen.

4.     Inspirere deltakarane i den nye bunadopplæringa til å melde seg inn i NU og eventuelt starte opp nye bunadnemnder rundt i landet.

5.     Gjennomføre tematurar for å inspirere bunad- og handverksinteresserte, og bygge eit nettverk.

6.     Gjennomføre dei modulane vi har fått ansvar for i den nye bunadopplæringa saman med Norges Husflidslag, FOLK og Bunad- og Folkedraktrådet, samt evaluere og utvikle utdanninga.

7.     Jobbe tettare saman med, og auke kontakten med bunadnemnder på lokal og fylkesplan for å auke aktiviteten og inspirere til seminar og kurs. Målet er to regionale seminar per år.

  1. Arrangere debattar på dei ulike møteplassane i organisasjonen.
  1. Være aktiv og engasjert i bunadspolitiske spørsmål.

 

 Vedteke på Landsmøte i Noregs Ungdomslag i Oslo, april 2010.

 

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt