logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Oppgåver for fylkeslaga

Fylkeslaga si rolle i organisasjonen er eit tema som blir mykje diskutert i NU. Det er stor skilnad på kor mykje faglege og økonomiske ressursar som ligg til kvart fylkeslag, og dette gjer at det kan vere store skilnader fylkeslaga i mellom på kva tenester som vert ytt til laga. Slik vil og skal det framleis vere, men årsmøtet i NU vedtok i 2009 å definere nokre minimumsoppgåver som alle fylkeslag har ansvar for å gjennomføre kvart år, uavhengig av ressursar. I tillegg er det definert nokre prioriterte oppgåver som fylkeslaget bør arbeide med dersom ein har meir ressursar. Til sist har årsmøtet kome med framlegg til andre saker som det kan vere naturleg at fylkeslaget arbeider med, avhengig av ressursar.

Alle fylkeslag har ansvar for at følgjande oppgåver blir utført kvart år:

  • Gjennomføre eige årsmøte
  • Delta på NU sitt landsmøte og landsrådsmøte
  • Sende årsrapport til NU, samt årsmelding og rekneskap for fylkeslaget, innan fastsette fristar.
  • Melde inn kontingentsats til NU, innan fastsette fristar.
  • Andre oppgåver som til ei kvar tid følgjer av lova til NU.  

I tillegg til desse minimumsoppgåvene synleggjerast eit sett med prioriterte oppgåver, som skal prioriterast når minimumsoppgåver er løyst og det er ressursar igjen.

  • Nettverksbygging regionalt fagleg og kulturpolitisk.
  • Rekruttering av lag.

Andre oppgåver som det er naturleg at fylkeslaget gjer kan t.d. vere:

  • Informasjon til medlemmene om tilbod og aktuelle saker i NU og i regionen.
  • Søkje om felles regionale midlar
  • Oppfølging av lokallaga utanom årsmøtet, t.d. gjennom lagsmøte, leiarmøte, fast kontaktperson i fylkeslagsstyret, skipe til barnestemne etc.
  • Halde kurs for medlemmene og lokallaga
  • Følgje opp fylkeslaga si rolle i NU sin plan for sentrale tilskipingar
  • Følgje opp initiativ frå Norske kulturbygg
  • Vere ein samarbeidspart for NU sentralt i oppfølging av einskilde lag

Denne klargjeringa er meint å vere eit verktøy for fylkeslagsstyra sitt arbeid, ved at det no er tydeleggjort kva krav og forventningar som ligg til dei einskilde fylkeslaga.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt