logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Prinsipprogram

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag byggjer på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen.

Prinsipprogrammet er bygd kring desse kjerneverdiane:

Frilynd

Det frilynde miljøet er basert på toleranse, omgrep som menneskeverd og likeverd står derfor sentralt i Noregs Ungdomslag. I ungdomslaget skal alle kunne finne ein trygg og inkluderande møtestad, der ein vinn respekt for ulik livspraktisering, politisk oppfatning eller kulturbakgrunn.

Tradisjonar

Den folkelege kulturen slik han t.d. kjem til uttrykk i dans, teater, handverkstradisjonar og språk, utgjer viktige delar av det kulturelle mangfaldet. Tradisjonane har fleire kvalitetar, og ei drøfting av desse kvalitetane er ein sentral del både av tradisjonen i seg sjølv og identitetsdanninga knytt til kulturen. Noregs Ungdomslag skal medverke til levandegjering, formidling og vidareutvikling av folkelege kulturuttrykk.

Nyskapande

Noregs Ungdomslag trur på humor, kreativitet, galskap, fantasi og mot som viktige verkemiddel både i organisasjonen og i samfunnet. Ungdomslaget skal vere opne arenaer for kreative tankar og idear til ny aktivitet.

Generasjonar

Det er ein verdi i seg sjølv at menneske møtast til felles aktivitet på tvers av generasjonane, og dette er ein viktig del av ein folkeleg opplærings- og utviklingstradisjon. Møtestadene i Noregs Ungdomslag er opne for alle generasjonar, og aktivitetane er retta mot menneske i alle aldrar. Ein del av aktivitetane i ungdomslaga skal likevel vere retta mot særskilde målgrupper, og ein vil særleg legge vekt på barn og ungdom.

Rusfri samværskultur

Noregs Ungdomslag har ein aktiv og positiv samværskultur. Dei rusfrie møtestadene i ungdomslaga skaper trygge og inkluderande miljø.

Samfunnsengasjement

Gjennom skulering og deltaking i demokratiske prosessar i ungdomslaga, skal medlemmane utvikle seg som sjølvstendige og fellesskapsorienterte menneske. Ungdomslaget har ei viktig rolle for mennesket, lokalmiljøet og storsamfunnet, og skal vere aktiv i arbeidet for å medverke til gode og livskraftige lokalsamfunn i bygd og by.

Vedteke på årsmøte i Noregs Ungdomslag i Kirkenes, juli 2005

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt