logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Lov og styringsføresegn for Noregs Ungdomslag

Sist endra av årsmøtet 2010.

Lov for Noregs Ungdomslag

 

§ 1 Føremål

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

§ 2 Medlemskap

1. Ein medlem melder seg inn gjennom eit lokallag og blir registrert som medlem når årspengar er betalt.

2. Medlemmen kan melde seg direkte inn i Noregs Ungdomslag om det ikkje er lokallag på staden der han/ho bur som det er naturleg å melde seg inn i.

3. Alle medlemer i Noregs Ungdomslag skal ha moglegheit til å påverke arbeidet i organisasjonen Ein medlem har røysterett i organisasjonen frå ein har fylt 14 år, men det skal leggast til rette for at medlemmer utan røysterett også har arenaer for medverknad.

4. Dersom ein medlem medvite motarbeider føremålet til organisasjonen, eller ikkje vil rette seg etter lover og føresegner, kan lokallaget ekskludere vedkomande som medlem. Slike avgjerder kan ankast til årsmøtet i lokallag og fylkeslag og landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

§ 3 Lokal- og fylkeslag

1. Lag med minst 5 medlemmer over 14 år kan bli godkjent som lokallag i Noregs Ungdomslag. Lokallaget melder seg inn gjennom eit fylkeslag. Styret i Noregs Ungdomslag kan ta opp lag direkte der det ikkje er fylkeslag.

2. Styret i Noregs Ungdomslag skal godkjenne lovene til fylkeslag og beinveges innmelde lag. Styra i fylkeslaga skal godkjenne lovene til lokallaga. Lovene skal vere i samsvar med lova til Noregs Ungdomslag.

§ 4 Landsmøte

1. Innkalling

Styret i Noregs Ungdomslag kallar inn til landsmøte kvart år. Førebels sakliste skal sendast ut 3 månader før landsmøtet. Omframt landsmøte vert halde når landsmøtet eller styret vedtek det, eller når 1/3 av fylkeslaga krev det. Endeleg sakliste og sakspapir skal sendast ut 1 månad før landsmøtet.

2. Saker

a. Landsmøtet skal kvart år handsame årsmelding og rekneskap med revisjonsrapport for føregåande år og velje styre, fagråd, revisor og valnemnd. Landsmøtet skal kvart andre år fastsetje kontingentsatsar for medlemsskap og vedta arbeidsprogram og budsjett det påfølgjande året. Desse vedtaka gjeld for ein periode på 2 år.

b. Gjennom lokallag og fylkeslag kan medlemmene kome med framlegg om saker til landsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før landsmøtet.

c. Styret i Noregs Ungdomslag avgjer kva saker det vil ta med på den endelege saklista. Saker som er melde i rett tid, men som styret ikkje fører opp på saklista, kan etter særskilt vedtak på landsmøtet likevel takast opp.

3. Utsendingar

a. Fylkeslag som har sendt årsmelding for føregåande år, har utsendingsrett til landsmøtet. Lokallag som har sendt årsrapport og betalt kontingent for føregåande år har utsendingsrett til landsmøtet.

b. Utsendingane frå fylkeslag skal veljast på årsmøtet i fylkeslaget. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Fylkeslag med opp til 1000 medlemmer har rett til 3 utsendingar og vidare 1 meir for kvart påbyrja nytt 1000.

c. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Lokallag med opp til 100 medlemmer har rett til 2 utsendingar og vidare 1 meir for kvar påbyrja 100. Kvar utsending har ei røyst på landsmøtet.

d. Sentralt tilsette i organisasjonen kan ikkje veljast til utsendingar.

e. Når tvingande grunnar har gjort det naudsynt å avvike frå valreglane, kan landsmøtet godkjenne utsendingar valde på andre måtar.

f. Utsendingane har røysterett når dei er registrerte som betalande medlemmer i Noregs Ungdomslag

g. Første vara til arbeidsutvalet og administrativ leiar har talerett på landsmøtet.

h. Dei tilsette sin representant har talerett i saker som vedkjem deira arbeidstilhøve.

§ 5 Styret

1. Styret har ansvaret for at arbeidet i organisasjonen blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av landsmøtet.

2. Styret bind organisasjonen i økonomiske saker, ved underskriftene til styreleiar og administrativ leiar.

3. Styret har 7 medlemmer, og er samansett av leiar, 2 særskild valde styremedlemmer og leiarane i folkedansrådet, bunadrådet, barne- og ungdomsrådet og teaterrådet. 3 personar er særskild valde som varamedlemmer for dei styremedlemmene som er særskild valde. Råda vel sjølve personlege vararepresentantar for rådsleiarane.

4. Leiar blir vald for eitt år. Dei seks styremedlemmene blir valde for to år, slik at halvparten står på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år.

5. Leiar og dei to direktevalde styremedlemmene utgjer styret sitt arbeidsutval. Som vara til arbeidsutvalet møter dei særskilt valde vararepresentantane til styret. Arbeidsutvalet fungerer mellom styremøta etter mandat frå styret.

6. Dei tilsette i Noregs Ungdomslag sentralt skal ha ein representant i styremøta under handsaming av personalsaker

§ 6 Fagråda

1. Fagråda er rådgjevande organ for styret innafor sine fagområde. Råda har ansvar for gjennomføring av arbeidsprogram og budsjett innafor dei rammene styret gjev det.

2. Fagråda er samansette av rådsleiar og 2 medlemmer med 2 varamedlemmer. Medlemmene blir valde for 2 år, slik at den eine halvparten er på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for 1 år.

§ 7 Valnemnda

1. Valnemnda skal innstille til landsmøtet på val av styre, fagråd og revisor.

2. Valnemnda er samansett av 5 medlemmer med 3 varamedlemmer. Leiaren vert vald for 1 år, dei andre for 2 år, slik at 2 står på val kvart år. Varamedlemmene vert valde for 1 år.

§ 8 Landsrådet

1. Landsrådet er eit rådgjevande organ for styret. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet tilrår på val av valnemnd til landsmøtet. Landsrådet kan også ta opp eigne saker.

2. Landsrådet er samansett av leiarane i fylkeslaga. Styremedlemmene i Noregs Ungdomslag har møte- og talerett i landsrådet.

3. Landsrådet skal ha møte minst 1 gong i året.

§ 9 Innmelding i andre organisasjonar

Fylkeslag og lokallag i Noregs Ungdomslag kan ikkje melde seg inn i andre organisasjonar eller samarbeidsorgan som strir mot føremålet til Noregs Ungdomslag. Laget må melde frå om innmeldingar til styret i Noregs Ungdomslag.

§ 10 Målbruk

1. Tillitsvalde og tilsette, lag og lagsbruk i Noregs Ungdomslag pliktar å verne om nynorsk og dialektar i samsvar med føremålsparagrafen og prinsipprogrammet.

2. Tenestemålet i Noregs Ungdomslag sentralt er nynorsk.

§ 11 Rusgifter

Noregs Ungdomslag skal arbeide aktivt for å skape ein attraktiv, rusfri samværskultur. Alle tilskipingar på sentralt plan skal vere rusfrie.

§ 12 Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar

1. Fylkeslag og lokallag som ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må vedta dette på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.

2. Alle lokallag har plikt til å halde årsmøte i samsvar med si eiga lov. Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte i laget. På same måten skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at det blir kalla inn til årsmøte i direkte innmelde lag og fylkeslag når det ikkje er halde årsmøte i samsvar med lovene.

3. Fylkeslag og lokallag som 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal bli kontakta av Noregs Ungdomslag sentralt, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering blir vurderte.

4. Fylkeslag og lokallag som 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsmelding, skal reknast som nedlagde. Lokallag som ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i § 3.1 i 3 år etter kvarandre, skal like eins reknast som nedlagde.

5. Fylkeslag og lokallag som bryt lova til Noregs Ungdomslag og som ikkje vil rette seg etter lovleg påbod frå styret og landsmøtet, skal seiast å ha skifta føremål og kan ikkje lenger stå i Noregs Ungdomslag.

6. Saker i samband med denne paragrafen, kan ankast av det laget saka gjeld til
landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Landsmøtet tek då endeleg avgjerd.

§ 13 Trygging av eiga

1. Ungdomshus, anna fast lagseige og luter i fast eigedom kan ikkje avhendast utan samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

2. Det skal ikkje gjerast bruksendringar og ombygging av ungdomshus og anna fast lagseige som fører til at den kulturhistoriske verdien blir øydelagd. Det offentlege regelverket innafor kulturvern skal følgjast.

3. Blir eit lokallag lagt ned, skal Noregs Ungdomslag ta vare på eiga til laget i minst 7 år. Om laget er eigar av fast eigedom, skal fylkeslaget samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eigedomen skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Dersom andre i ein periode overtek drifta av ein eigedom, skal det takast verditakst på eigedommen ved overtakinga.

4. Dersom det, innan 7 år etter det siste årsmøtet i laget som vart lagt ned, vert skipa eit nytt lag på staden som fyller krava til medlemskap i Noregs Ungdomslag, skal eiga overførast til det nye laget. Det nye laget må dekkje eventuell verdiauke på grunn av påkostnader og utbygging i den perioden andre har drive eigedommen etter takst.

5. Utgiftene til styring av eiga til lokallag eller fylkeslag skal dekkjast av eiga. Fylkeslag eller landslag er såleis ikkje økonomisk ansvarleg for styringa. Dersom ungdomshus og anna fast lagseige fører med seg utgifter som ikkje kan eller bør dekkjast av eiga, kan styret i Noregs Ungdomslag godkjenne avhending av slik eige, sjølv om ivaretakingstida på 7 år ikkje er ute.

6. Dersom det ikkje er skipa nytt lag på staden innan tryggingsperioden er ute, skal Noregs Ungdomslag i samråd med fylkeslaget samarbeide aktivt med lokale kulturstyresmakter for at eiga skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden.

§ 14 Lagsbruksavgift

Dei fylkeslaga og lokallaga i Noregs Ungdomslag som eig, driv eller har partar eller luter i forretningstiltak som ikkje kjem inn under lagsrekneskapen, betalar kvart år eit tilskot, lagsbruksavgift, til organisasjonen. Avgifta er 1 promille av omsetnaden. Styret i Noregs Ungdomslag kan setje ned lagsbruksavgifta når det verkar urettvist å krevje ho inn.

§ 15 Om prinsipprogram styringsføresegner og for Noregs Ungdomslag

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal vedta prinsipprogram og styringsføresegner med utfyllande reglar til lova.

§ 16 Lovendring

Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.

§ 17 Oppløysing

Ved ei eventuell oppløysing av organisasjonen må midlane nyttast i samsvar med § 1 i lova.

 

Styringsføresegner

 

§ 1 Barne- og ungdomsarbeidet i Noregs Ungdomslag

Barne- og ungdomsrådet si hovudoppgåve skal vere å fremje barn og unge si rolle i Noregs Ungdomslag. Rådet skal òg vere eit koordinerande organ mellom fagfelta i Noregs Ungdomslag, med særskild vekt på å leggje til rette for aktivitetar for barn og unge.

Minst 2 av representantane i barne- og ungdomsrådet skal vere under 25 år ved valet.
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag vedtek arbeidsprogram og budsjett for barne- og ungdomsarbeidet.
Landsmøtet i Noregs Ungdomslag godkjenner rekneskap og årsmelding for barne- og ungdomsarbeidet.

§ 2 Tilsette i Noregs Ungdomslag

Styret i Noregs Ungdomslag tilset tenestefolk og fastset løner og andre vilkår.
Styret fastset instruks for administrativ leiar av kontoret.

Administrativ leiar skal tilsetjast på åremål for 4 år om gongen. Stillinga skal lysast ut med ein søknadsfrist seinast 3 månader før utgangen av kvar 4-årsbolk. Styret kan ikkje tilsetje nokon administrativ leiar i meir enn 3 fireårsbolkar.

Dei tilsette i Noregs Ungdomslag sentralt vel sjølve ein representant, som skal vere til stades på styremøta under handsaming av personalsaker og ved saker som særleg omfattar arbeidstilhøva til dei tilsette.

§ 3 Valnemnda

Valnemnda kjem med framlegg til val på medlemmer og varamedlemmer til styret og dei faste råda i Noregs Ungdomslag. Tilrådinga skal leggjast fram seinast når landsmøtet opnar.

Valnemnda har ansvaret for at det i tilrådinga blir tilnærma like mange jenter og gutar i styre og råd.

Medlemmene i valnemnda har talerett på landsmøtet når det handsamar val.

Valnemnda kan ikkje innstille personar som ikkje er medlemmer i Noregs Ungdomslag til ombod i organisasjonen

§4      Medlems- og lagskontingent

Årspengane frå medlemmene er samansett av ein kontingent til lokal-, fylkes- og sentralledd. Satsane blir fastsett av årsmøtet i lokal- og fylkeslaget og landsmøtet til Noregs Ungdomslag. Kontingenten til fylkes- og sentralleddet kan ha ulike satsar for medlemmer over og under 26 år.

Lokallaga betaler i tillegg ein lagskontingent til sentralleddet, etter satsar fastsette av landsmøtet. Fylkesleddet har også høve til å krevje lokallaga for lagskontingent, etter satsar fastsette av årsmøtet.

Sentralleddet krev inn den samla kontingenten til fylkes- og sentralleddet frå lokallaga, og refunderer til fylkesleddet deira del. Sentralleddet nyttar siste innmeldte kontingentsatsar frå fylkesleddet, og fastset satsane for fylkeslag som ikkje har vedtekne satsar.

For å sikre ei organisatorisk samhandling og yte ein god medlems- og lagssørvis, disponerer sentralleddet fylkesleddskontingenten frå lag som ikkje er tilknytta fylkesledd, eller som ikkje har aktivt fylkesledd.

§ 5 Lagsbruksavgifta

Har lag i Noregs Ungdomslag lagsbruk i sameige med andre, skal utrekningsgrunnlaget for tilskot minkast slik at det svarar til den parten laget eig i lagsbruket.

Når lag med lagsbruk er medlemmer både i Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, skal lagsbruksavgifta delast med halvparten på kvar av desse organisasjonane.

Lagsbruksavgifta skal betalast kvart år innan utgangen av oktober. Lagsstyra sørgjer for at lagsbruksavgifta saman med avskrift av vinnings- og tapskonto blir send til kontoret til Noregs Ungdomslag i rett tid. Når det gjeld lutlag eller partslag, kan den plikta leggjast på styret i lutlaget eller partslaget.

Lagsbruksavgifta kan krevjast inn av Noregs Ungdomslag eller den Noregs Ungdomslag gjev fullmakt.

Alle lagsbruk bør vere med i organisasjonen Norske kulturbygg. Styret i Noregs Ungdomslag rådfører seg med Norske kulturbygg i lagsbrukssaker.

§ 6 Endringar i styringsføresegnene

Styringsføresegnene kan endrast med vanleg fleirtal på landsmøtet. Framlegg må kunngjerast på same måte som ved lovendringar.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt