logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, 7.-8. mai 2011, Oslo

Landsmøtet er organisasjonen sitt høgste demokratiske organ, og staden der dei viktigaste avgjerdene som skal vere førande for NU det neste året vert fatta. På landsmøtet møtast ungdomslagsfolk frå heile landet til sosialt og fagleg samvere. Alle lag, både fylkeslag og lokallag har rett til å sende utsendingar.

Landsmøtet 2011

Møtet blir halde på Håndverkeren kurs- og konferansenter i Rosenkrantzgate.

Påmeldingsfristen er 8. april, og sakspapir vil bli sendt direkte til dei påmeldte utsendingane når påmeldingsfristen er ute. Sakspapira kan også lastast ned frå denne sida.

I Landsmøtebrosjyra finn du praktisk informasjon om timeplan, overnatting etc.

Andre aktuelle dokument:

Alle saksdokument

Årsmelding og rekneskap 2010

Fullmaktskjema (for påmelding til landsmøtet) 

Protokollar frå tidlegare møter:

Landsmøte 2010, Oslo
Årsmøte 2009, Hamar
Årsmøte 2008, Lillesand
Årsmøte 2007, Oslo
Årsmøte 2006, Trondheim

Lov om landsmøtet i Noregs Ungdomslag

§ 4 Landsmøte

1. Innkalling

Styret i Noregs Ungdomslag kallar inn til landsmøte kvart år. Førebels sakliste skal sendast ut 3 månader før landsmøtet. Omframt landsmøte vert halde når landsmøtet eller styret vedtek det, eller når 1/3 av fylkeslaga krev det. Endeleg sakliste og sakspapir skal sendast ut 1 månad før landsmøtet.

2. Saker

a. Landsmøtet skal kvart år handsame årsmelding og rekneskap med revisjonsrapport for føregåande år og velje styre, fagråd, revisor og valnemnd. Landsmøtet skal kvart andre år fastsetje kontingentsatsar for medlemsskap og vedta arbeidsprogram og budsjett det påfølgjande året. Desse vedtaka gjeld for ein periode på 2 år.

b. Gjennom lokallag og fylkeslag kan medlemmene kome med framlegg om saker til landsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast 8 veker før landsmøtet.

c. Styret i Noregs Ungdomslag avgjer kva saker det vil ta med på den endelege saklista. Saker som er melde i rett tid, men som styret ikkje fører opp på saklista, kan etter særskilt vedtak på landsmøtet likevel takast opp.

3. Utsendingar

a. Fylkeslag som har sendt årsmelding for føregåande år, har utsendingsrett til landsmøtet. Lokallag som har sendt årsrapport og betalt kontingent for føregåande år har utsendingsrett til landsmøtet.

b. Utsendingane frå fylkeslag skal veljast på årsmøtet i fylkeslaget. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Fylkeslag med opp til 1000 medlemmer har rett til 3 utsendingar og vidare 1 meir for kvart påbyrja nytt 1000.

c. Utsendingane frå lokallaga skal veljast på årsmøtet eller eit lagsmøte. Årsmøtet kan gje styret fullmakt til å velje utsendingar. Lokallag med opp til 100 medlemmer har rett til 2 utsendingar og vidare 1 meir for kvar påbyrja 100. Kvar utsending har ei røyst på landsmøtet.

d. Sentralt tilsette i organisasjonen kan ikkje veljast til utsendingar.

e. Når tvingande grunnar har gjort det naudsynt å avvike frå valreglane, kan landsmøtet godkjenne utsendingar valde på andre måtar.

f. Utsendingane har røysterett når dei er registrerte som betalande medlemmer i Noregs Ungdomslag

g. Første vara til arbeidsutvalet og administrativ leiar har talerett på landsmøtet.

h. Dei tilsette sin representant har talerett i saker som vedkjem deira arbeidstilhøve.

§ 16 Lovendring


Lovendringsframlegg må vere sendt styret seinast 8 veker før landsmøtet. Sjølve lovframlegget må kunngjerast minst éin månad før landsmøtet. Ei lovendring krev 2/3 fleirtal.

Sjå menyen Lov og styringsføresegner for andre lover rundt landsmøtet

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt