logo  
  meny  
  meny  
:: Om NU    
 
Kva skjer?

Heile kalenderen

 
kart
 
 
Logg inn - webMedlem

Brukarnamn:

Passord

Noregs Ungdomslag

§ 1 Føremål

Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896 og er ein kulturorganisasjon med over
16 000 medlemmer i 450 lag i heile Noreg. Mykje av aktiviteten er knytt til folkedans, teater, bunad og barne- og ungdomsarbeid, men ungdomslagsrørsla har eit unikt mangfald av aktivitetar.

Noregs Ungdomslag er ein leiande kulturorganisasjon i Noreg. Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Ved å styrke enkeltindividet gjennom å utøve tradisjonelle og nye kulturuttrykk og lære å organisere dette, styrker vi samtidig samfunnet og demokratiet.

Sentrale tilskipingar

Fagseminara
På fagseminara møtest rettleiarar og andre til fagleg påfyll og utveksling.

Norsk Amatørteaterfestival
Anna kvart år skipar NU og Det Norske Teatret (DNT) i lag til festivalen, der teaterlag frå NU får spele på DNT. Det vert òg skipa til ei rekke teaterkurs av høg kvalitet.

Folkedansfestivalen

Ein festival der du får oppleve eit breitt og variert dansetilbod, med vekt på norske folkelege dansetradisjonar.

Kven veit?
Kvar år skipar NU til den landsomfattande kunnskapstevlinga Kven veit? for deltakarar i alle aldrar.

tillitsvaldregistrering nafbanner studereibergen barnlekbanner RK-logo Instruktørkurs utdanning i folkedans Søk støtte
Ansvarleg redaktør:
Eli Ulvestad
 
Troms Finnmark Nordland Trøndelag M&oslashre og Romsdal Sogn og Fjordane Oppland Hedmark Hordaland Rogaland Buskerud Telemark Agder Vestfold Oslo/Akershus Østfold Heim Folkedans Teater Bunad Barn og unge Ungdomshus Kven veit Festivalar Om NU Opplæring/kurs Verktøykassa Butikk Medlemssørvis Støtteordningar Lenker Kontakt